Det er positivt at Ålesund sjukehus prøver ut nye konsept for oppfølging av nyfødde. I ein reportasje i Sunnmørsposten laurdag fortalde vi om vesle Aksel som vart fødd mange veker for tidleg, men likevel kunne reise heim etter ei veke. Aksels foreldre var dei første i Møre og Romsdal som prøvde ut det nye opplegget.

Det nye programmet er kalla NAST og står for nyfødd intensiv ambulerande sjukepleieteneste. Ved St. Olavs i Trondheim vart det først prøvd ut som prosjekt i 2012, og på grunn av dei gode tilbakemeldingane frå foreldre vart NAST etablert som fast tilbod frå hausten 2013. Barn som framleis må matast med sonde, eller på andre måtar treng hjelp, kan få oppfølging heime i trygge omgivnader av erfarne pleiarar frå intensivavdelinga for nyfødde. Koronasituasjonen har ført til at ein har endra planane i Ålesund, slik at familien har kontakt med helsepersonell via Skype. På denne måten kan ein sjekke at barna får i seg nok mat, at vekta utviklar seg rett og at pusten er bra.

Å bruke digitale hjelpemiddel på nye måtar kan gi mange gevinstar, både sosialt og økonomisk. Tilbodet fører til færre liggedøgn på sjukehuset, men økonomisk gevinst må ikkje bli det styrande. Det aller viktigaste er at barnet får ein god start på livet, får nødvendig medisinsk hjelp og at kontakten mellom barn og foreldre vert styrka. Mange foreldre har fortalt at dei har hatt stor nytte av den ambulerande tenesta.

Det er heilt avgjerande at det er omsynet til den nyfødde og familien som veg tyngst når nye tenester skal etablerast. Tilbodet om NAST er frivillig, og det er muleg å vende tilbake til sjukehuset dersom situasjonen skulle endre seg.

Familiar har ulike behov, og det som er bra for ein familie er ikkje nødvendigvis bra for alle. Ein føresetnad for å gjennomføre opplegget er til dømes at barnet har to omsorgspersonar heime, og det er det ikkje alle som har.

I eit historisk perspektiv har omsorgstilboda for barselkvinner og nyfødde endra seg mykje. I 1950-åra var det ikkje uvanleg at kvinner som hadde født barn låg 14 dagar på barselavdelinga, og 1960-åra var liggetida på rundt åtte døgn. Kvinna måtte kvile for å bli sterk, og ho fekk berre sjå babyen sin når det var tid for amming. Mot slutten av 1970-talet vart rutinane lagt om, og i dag får den nybakte mora ha babyen hos seg heile døgnet. Ny teknologi har gjort både barselstid og intensiv nyføddbehandling betre. Liggetida på sjukehus er blitt kortare, men det er ikkje like bra for alle. Utprøving av nye opplegg er positivt så lenge det fører til ei forbetring, og ikkje svekking, av tilbodet for den nyfødde og familien.