Fleirtalet av kommunane i Møre og Romsdal gjekk i minus i fjor. Inneverande år har blitt endå tøffare. Får dei i tillegg til ikkje fullt ut dekt kostnadane som koronapandemien har gitt dei, blir dette skikkeleg blytungt.

Framlegget til statsbudsjett er nemleg ingen gåvepakke til kommunane. På toppen av dette slit svært mange av dei med gamle synder.

Resultatet blir kutt i drift, tenester og investeringar.

Kommunedirektøren i Ålesund kommune presenterte i førre veke sitt framlegg til budsjett og økonomiplan. Ho foreslår å kutte 190 stillingar, omstille, legge ned barnehagar og skubbe fleire store investeringar i skulebygg og idrettshall i Osane fram i tid.

Koronapandemien har kosta kommunen rundt 62 millionar så langt, men dette blir berre ein liten del av eit meirforbruk på 300 millionar. Trass i allereie vedtekne innsparingar peikar prognosen mot 159 millionar i minus for 2020.

Handlingsrommet er i praksis lik null, og det blir ikkje lett å vere politikarar.

Ålesund kommune brukar meir pengar enn den har inntekter til, og balanserer snart på grensa til Robek-lista. Alle dei fem kommunane som gjekk inn i storkommunen hadde meirforbruk og gjekk i minus i fjor. Dei fem var ikkje åleine om det.

26 av dei 35 kommunane som var i Møre og Romsdal ved årsskiftet gjekk inn i 2020 med negativt netto driftsresultat i ryggen. Ser vi bort frå Aukra, som har eit resultat på over 27 prosent, var snittresultatet for resten på minus 1,9 prosent i 2019.

Dette er dramatisk dårleg og langt under eit resultat 1,75 prosent som er rekna som minimum for langsiktig berekraft.

Det blir verre i år.

Pila for alle norske kommunar peikar nemleg bratt ned. KS reknar med at 2020 kan resultatet for kommunane bli kraftig svekka. Slår dette til, blir det fleire enn Ålesund som får null i handlingsrom.

Regjeringa legg i statsbudsjettet opp til ein realvekst på to milliardar, men det meste av dette blir spist opp av demografiske endringar og av at kostnader til særleg ressurskrevjande helse- og omsorgstenester blir skubba over til kommunane.

Sjølv om staten tar heile koronarekninga, har kommunar som allereie slit inga redning i sikte i statsbudsjettet.

Blir dette ståande som fasit når Stortinget vedtek budsjettet før jul, vil det ikkje vare lenge før det blir trongt på Robek-lista att.

Utan full korona-kompensasjon kan det gå veldig fort.