Sunnmørsposten meiner:

«Viktig å stimulere meir til aktivitet»

Berga? Kulturminister Abid Raja (V) endrer retning og regler for krisestøtta til kulturlivet for å auke aktiviteten — og for å berge julekonsertane.  Foto: (Arkivfoto)

Leder

Kultursektoren har blitt hardt ramma av smittevern-restriksjonar under koronapandemien. Både profesjonelle aktørar og frivillige lag og organisasjonar har tapt stort på avlysingar og publikumssvikt.

Tapte inntekter er alvorleg nok, men likevel ikkje alt.

Kultursektoren har ein sterk eigenverdi som ikkje kan erstattast av pengar, både for aktørar og samfunnet. Verditapet her veks for kvar månad som går utan aktivitet og for kvart avlyste arrangement.


Kulturminister Abid Raja (V) kunngjorde mandag korleis den siste krisepakken til kulturlivet er skrudd saman. Av totalt 700 millionar ut året er berre 200 millionar sett av til kompensasjon for tapte inntekter for dei som må avlyse.

Dette er ei nedtrapping av kompensasjonsordninga i tråd med endringane som vart varsla i august. Frå 1. oktober har arrangørar fått kompensert 70 prosent av tapte inntekter og meirutgifter, og berre ved avlysing. Frå 1. november blir dette kutta til 50 prosent.

Resten av krisepakken for resten av året, 500 millionar, er derfor sett av til å halde liv i aktiviteten. Pengar frå denne ramma skal vere med på å dekkje meirkostnader ved å gjennomføre aktivitet under pandemien.


Raja vil redde julekonsertene

Regjeringen åpner for at også menighetsråd kan regnes som arrangører, slik at flest mulig av årets julekonserter, blant annet i kirkene, kan gjennomføres.


Det skal altså lønne seg mindre å avlyse og meir å skape aktivitet.

For å få del i denne delen av krisepakken må altså artistar og arrangørar halde konsertar og teaterframsyningar, reise på turné og møte publikum. Ordninga blir utvida til å gjelde Den norske kyrkja og tilsvarande trussamfunn, for å berge litt av den julestemninga og samhaldet som julekonsertane gir.

«Ikkje avlys. Vi ønskjer aktivitet», er beskjeden frå kulturministeren.


Fire av ti artister og låtskrivere vurderer å finne noe annet å gjøre

Fire av ti spurte artister som også er opphavere frykter for livsgrunnlaget etter koronapandemien, og vurderer å finne seg noe annet å gjøre.


Også i framlegget til statsbudsjett for neste år er dette også ein raud tråd. Kulturfeltet får her 2,25 milliardar i koronatiltak som skal gi incentiv til å utvikle og gjennomføre aktivitetar for kultur og idrettsliv under smittevernrestriksjonane.

I vår var krisetiltaka ei akutthjelp til overvintring for å hindre nedlegging, avvikling, konkursar og tap av levebrød. Heile sektoren vart kasta i fryseboksa.


Åpent for søknader i tredje krisepakke til idretten

Mandag ble det åpnet for at arrangører i idrett og frivillighet kan søke om kompensasjon for tapte inntekter fra regjeringens tredje koronatiltakspakke.


Det var rett då. No er situasjonen annleis. Aktivitet skapar inntekter, ringverknader og ikkje minst opplevingar som vi som både frivillige og profesjonelle aktørar og alle vi andre er avhengige av.

Opplevingane, samhaldet, aktiviteten og den kunstnarlege tolkinga av samtida som idretten og kultursektoren skaper, er ekstra viktige i ei krisetid.

Dette må vi som samfunn både sjå, verdsetje og slå ring om.