«Hastar med tiltak til barn som treng psykisk hjelp»

Viktig stemme: Barneombod Inga Bejer Engh arbeider for at barn og unge skal få betre psykisk helsehjelp, og har nyleg lagt fram ein rapport som bør få stor merksemd.   Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix

I ein slik situasjon er det uhaldbart at barn og unge må vente opp mot 50 dagar på å få hjelp

Leder

Barneombodet la nyleg fram rapport som viser at over 70.000 personar mellom 3 og 18 år i Norge har psykiske lidingar som dei treng behandling for. Det kan vere barn som ikkje taklar kvardagen, som ikkje klarer å gå på skulen, eller som på andre måtar har det svært vanskeleg. I ein slik situasjon er det uhaldbart at barn og unge må vente opp mot 50 dagar på å få hjelp.

For lang ventetid er eit av problema som rapporten peikar på. Dess lenger barn må vente, dess større kan problema vekse seg. Dette er ikkje berre vanskeleg for det enkelte barn, men også for familien rundt. På sikt kan det også få store konsekvensar for samfunn og arbeidsliv, dersom barna og ungdommane ikkje får hjelp i tide.

Ventetida frå tilvising til helsehjelpa startar i BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) varierer frå i gjennomsnitt 33 dagar i Helse Vest og til 52 dagar i Helse Midt-Norge. Til dømes må barn og unge i Møre og Romsdal med åtferds- eller kjenslemessige forstyrringar, vente gjennomsnittleg i sju veker for å få hjelp ved BUP. Dette er fullstendig uakseptabelt.

Behovet for å få ned ventetida, må likevel ikkje gå ut over kvaliteten på utgreiing og behandlingstilbod. Det bør vere likeverdige tilbod over heile landet, og derfor bør kapasiteten aukast.

Barneombodet peikar dessutan på at dagens hjelpetilbod i liten grad er tilpassa behova til barn og unge, og hovudsakleg er ein kopi av vaksentilbodet. For ein vaksen kan det vere greitt å snakke ope om problema sine for ein ukjent behandlar på eit kontor, medan det for ein 12-åring kan vere heilt annleis. Barn og unge kan trenge lenger tid for å oppnå tillit til personar dei ikkje kjenner.

Røde Kors har slått alarm om auken i psykiske helseplager mellom barn og unge. I fjor var det 35.000 barn og unge som nytta seg av den anonyme samtaletenesta «Kors på halsen». Dette viser omfanget av eit behov som så synleg.

FNs barnekomite har fleire gonger peika på at dei psykiske helsetenestene for barn og unge i Norge er for dårleg utvikla. Sjølv om regjeringa har prioritert hjelp til barn og unge, og lagt fram opptrappingsplan, viser rapporten frå barneombodet at det framleis er langt igjen før målet er nådd. Det hastar med å utvikle gode tiltak.

Barn og unge med psykiske helseproblem er ei sårbar gruppe, som ikkje ropar høgt om sine behov. Derfor er det viktig at dei har andre som kjemper for seg. Rapporten frå barneombodet bør derfor få stor merksemd, og dei ansvarlege bør sørge for eit hjelpeapparat som er tilpassa behova til barna som treng hjelp.