Ni byområde i Norge har i fleire år nytt godt av ein gullbillett i Nasjonal transportplan (NTP). Den sikrar statlege kroner til kollektivtransport og andre tiltak som skal gi berekraftig vekst.

Når transportplanen blir rullert neste år, bør fleire byar få del i slike ordningar.

Slik kan ein leggje til rette for å utvikle sterke regionsentra i heile landet, samstundes som ein kan kutte klimautslepp. På den måten vil vi få både god klimapolitikk og god distriktspolitikk.

I 2018 vart det etablert eit nettverk av fem byregionar, mellom dei Ålesund-regionen. Målet var å samle kreftene for å gi dei «nest største» byområda statleg draghjelp i kampen for å halde klimautsleppa nede og sikre berekraftig vekst.

I dagens NTP ligg det 66 milliardar i statlege gulrøter til dei største byane i landet. Det skal bidra til at trafikkveksten der skjer på ein berekraftig måte. Ingen av dei fem byregionane i nettverket som Ålesund er med i har tilgang til slik støtte.

Det er ikkje berre urimeleg, men også uklokt.

Byane i dette nettverket er Bodø, Vestfold-byane, Haugesund, Arendal/Grimstad og Ålesund. Samla folketal er på rundt ein halv million. Dette er også vekstområde med betydeleg trafikkvekst – akkurat som byområda som har tilgang til statlege kroner gjennom byvekstavtalane.

Samstundes er dette byregionar der kollektivandelen lav.

I Ålesund er kollektivandelen på rundt seks prosent. I Oslo blir nær kvar tredje reise gjort med kollektivtransport. I Bergen er kollektivandelen 18 prosent, Trondheim 13 prosent og Stavanger 11.

Det er gode grunnar til at det er eit stort sprik mellom Ålesund og Oslo. Utfordringane er ulike. Det gjer også at registeret av tiltak og transportløysingar blir ulikt. Det skal mykje til at Ålesund kjem opp i ein kollektivandel på 30 prosent.

Tala for dei mellomstore byområda viser likevel samstundes eit stort potensial. Når kollektivandelen er liten er det truleg fleire lavthengande frukter å hente, slik at ein kan få større gevinst per investert krone. Det er meir krevjande å hente ut slik gevinst der kollektivandelen er stor og tilbodet allereie er godt utbygd.

Gevinstane ein kan hente ut er både reduserte klimautslepp, lågare trafikkpress, mindre køkøyring, betre luftkvalitet og betre bumiljø. Det vil tene nasjonale klimamål og distriktspolitiske mål om å utvikle sterke byregionar i heile landet.

Byvekstavtalane har fungert i storbyane. No bør verktøyet også brukast på «dei nest største».