Sist veke gjenopna leikeplassen i Byparken i Ålesund etter omfattande renovering. Det er grunn til å gratulere alle involverte med eit svært godt resultat. Byen har fått ein innbydande samlingsplass i parken, med leikeapparat tilpassa ulike aldersgrupper og funksjonsnivå. Ålesund kommune har bidratt med det meste av midlane, og dessutan har renoveringa blitt støtta av prosjektet «Byen som regional motor».

Både den oppgraderte Byparken og Ålesund Bybad, som skal stå ferdig over nyttår, vil gjere det meir attraktivt for barnefamiliar å bruke bysentrum. Dersom Møre og Romsdal skal lykkast med å få fleire unge til å busette seg i fylket, må byane bli meir familievenlege. Gode barnehagar og skular er det aller mest grunnleggande, men i tillegg er det behov for ulike aktivitetstilbod.

Satsing på leikeplassar fortel noko om kor høgt barn blir prioritert i ein by. På dette området har Ålesund hatt lite å skryte av. Sunnmørsposten har tidlegare skrive om det omfattande forfallet og manglande vedlikehaldet av kommunale leikeplassar. Det er behov for uterom som kan by på ulike aktivitetar. Leikeplassar er ikkje berre viktige for barna, men for ulike aldersgrupper. For innflyttarar kan leikeplassen vere staden der ein blir kjent med andre, og etablerer nye nettverk. Grøne lunger og leikeplassar som innbyr til fellesskap, kan bidra til betre integrering.

Ein flott leikeplass i sentrum av byen er steg i rett retning, men det er ikkje nok. Det er viktig at kommunen skaffar seg oversikt over alle leikeplassane i den nye storkommunen, og kartlegg behova. Hærverk på leikeplassar har vore eit problem, og det er trist å måtte bruke midlar på dette, i staden for å sette i stand nye leikeplassar. Her er det behov for at alle passar på at fellesskapets verdiar ikkje blir misbrukte.

Godt samarbeid med frivillige, både enkeltpersonar og organisasjonar som ønskjer å bidra i sine nærmiljø, kan føre til store forbetringar og nye mulegheiter. Borgund Dyreklubb er ein populær besøksgard, som gjer det muleg for barn å bli kjent med mange ulike dyr. Naturleikeplassen på Tueneset og aktivitetsområda på byfjellet Aksla er andre gode tilbod for familiar.

Møre og Romsdal slit framleis med underskot på kvinner. Det er eit alvorleg problem, med mange uheldige ringverknadar. Det er på tide at Ålesund, og dei andre kommunane i regionen, legg vekt på å bli meir barnevenlege.