Uavhengig av kven som vinn presidentvalet i USA vil vinnaren ha støtte frå uvanleg mange veljarar i ryggen. Fleire meiner at det kan gå mot den høgaste valdeltakinga på meir enn 100 år.

Målt i talet på førehandsstemmer er valet allereie historisk.

Meir enn 90 millionar har røysta på førehand. I fleire viktige vippestatar er stemmetala alt på nivå med 2016 alt før vallokala opnar i dag.

Med valdeltaking som einaste målestokk vil truleg valet i år stå fram som ei revitalisering av det amerikanske demokratiet, eit demokrati som har lide under lav deltaking ved presidentval i meir enn eit halvt hundreår. Dessverre er det ikkje så enkelt.

Bak den sterke veksten i valdeltakinga ligg det ei sterk polarisering og splitting. Tilliten til det politiske systemet og demokratiske institusjonar er svekka, og den sitjande presidenten har gjort sitt til å forsterke den veksande mistilliten.

Han har sådd tvil om rolla til demokratiske institusjonar som domstolane, pressa og valordninga. Han har nekta å ta avstand frå antidemokratiske grupper, trugar med å nekte å godta valresultat og bidrar til å spreie konspirasjonsteoriar.

Trump har akselerert splittinga og polariseringa. Trass dette er han likevel meir eit symptom på den enn årsak.

USA er heller ikkje åleine om å gå i ei slik retning.

Populistar både til høgre og venstre vinn fram i mange land, ei utvikling med rot i ein folkeleg protest mot korleis det politiske systemet fungerer. Saman med framveksten av alternative og sosiale medium har dette smitta over på heile den politiske debatten.

Frontane har blitt skarpare, og avstanden mellom fløyene har blitt større.

Polariseringa set demokratiet under press og undergrev tilliten til samfunnsordninga over alt der den veks fram.

Er det noko historia har lært oss, er det at nettopp splitting av folket og ekstrem polarisering kan ta livet av eit demokrati. Rundt omkring på kloden ser vi også i dag korleis dette tar form av ny autoritarisme.

USA har sterke demokratiske institusjonar og verdas eldste grunnlov til å verne dei. Den har i meir enn 230 år sørga for balanse mellom den utøvande, lovgivande og dømande makt, slik at ingen av dei skal misbruke si makt.

Derfor går ikkje det amerikanske demokratiet utfor stupet, uansett utfall av valet i dag. Utfordringane med å snu utviklinga og byggje tillit til mellom folk, til demokratiske institusjonar og det politiske systemet blir likevel formidable.

Alternativet er ein bratt utforbakke for verdas mektigaste demokrati.