Mange pusta letta ut då det laurdag vart klart at Joe Biden blir den nye presidenten i USA. Løpet mellom dei to presidentkandidatane har vore svært jamn, og oppteljinga meir enn spennande. Valoppslutninga har vore rekordstor, og det i seg sjølv er ein siger for demokratiet. USA er djupt splitta, og derfor er det ei formidabel oppgåve som ventar den påtroppande presidenten. Biden lover å jobbe like hardt for dei som ikkje stemte på han, som dei som gjorde det. Det er ein god start.

Kamala Harris er den første kvinna som nokon gong er blitt valt til visepresident i USA. Dette historiske valet er eit kraftfullt signal til alle barn og unge om at verken kjønn eller hudfarge er eit hinder for å nå til topps i amerikansk politikk. Både Harris og Biden legg vekt på verdiar som samhald, mangfald og respekt for meiningsmotstandarar i arbeidet med forsoning. Det er viktig for å kunne sameine nasjonen.

Den hatefulle polariseringa som har prega USA siste åra, har gjort stor skade. Det er ikkje berre Donald Trump som har ansvar for den djupe splittinga, sjølv om han må ta stor del av skulda. Ytterleggåande grupper både til høgre og venstre har også bidratt. Media bør granske si eiga rolle. Tv-stasjonar og aviser i USA har dei siste åra opplevd stadig minkande tillit hos folk på grunn av politisk slagside i nyheitsrapporteringa. Det var til dømes fleire tv-stasjonar som velde å stanse sendinga av Donald Trumps tale etter valnederlaget. Sjølv om det er svært alvorleg at den sitjande presidenten kjem med grove, udokumenterte skuldingar, så blir det likevel fullstendig feil å stoppe talen.

Å skulle verne folk mot synspunkta til landets president, er ikkje media si oppgåve. Synspunkta må fram i lyset, slik at dei kan diskuterast og kritiserast. Konkrete påstandar må sjekkast mot fakta. Alternativet er ryktespreiing og oppblomstring av konspirasjonsteoriar. Ifølgje The Economist er Norge verdas mest demokratiske land, medan utviklinga i USA har gått feil veg siste åra. Vi må vere på vakt mot polariserande tendensar i våre eige land, og lære av det som har skjedd andre stadar.

Biden og Harris har ikkje berre lova å prøve å skape forsoning internt i landet, men også at USA skal bli ei leiande kraft i det internasjonale arbeidet mot klimaendringar. Det gir håp for framtida.