Ålesund kommune har fått budsjettet for neste år og økonomiplanen for dei neste fire på plass. Vedtaket i kommunestyret tysdag er ein resept på ein svært skarp hestekur.

Eit kutt i driftsbudsjettet på åtte prosent, eller 350 millionar, vil kome til å svi.

Sjølv om kommunen brukar meir enn samanliknbare kommunar på dei tunge områda grunnskule og pleie- og omsorgssektoren, betyr ikkje det at den sløsar med pengane. Kutta vil difor slå ut i eit merkbart svekka tenestetilbod. Vi har berre ikkje merka det enno.

Ålesund har vedteke å kutte 350 millionar kroner i drifta frå dagens dryge 4,3 milliardar. Det er meir enn dobbelt så mykje som dei 112 millionane som Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok å kutte i fjor haust, frå eit om lag like stort budsjett.

Kontrasten er slåande. Røyken frå fakkeltoga etter kutta i dei vidaregåande skulane har knapt nok lagt seg enno, og ferjeopprøret er i høgste grad levande. I Ålesund har dei folkelege protestane mot budsjettframlegget til samanlikning vore beskjedne, trass i at kutta her er langt meir brutale.

Ein ting er investeringar som har blitt skubba på. Det er synleg. Kutt i driftsrammer er ikkje så enkle å sjå konsekvensen av. Her kjem skrifta på veggen saktare til syne, men ingen skal vere i tvil om at vel 240 millionar mindre til dei to største tenesteområda kjem til å smerte.

I skulen vil det gå ut over elevane sitt læringsmiljø og rettar, og kutta kan kome til å ramme hardast dei elevane som med størst behov for hjelp. Talet på institusjonsplassar i omsorgssektoren går ned og rehabiliteringstilbodet blir svekka, samstundes som presset på dei tilsette i helse og omsorg aukar.

Årsbudsjettet for neste år står heller ikkje åleine, men inngår som ei brikke i minst tre parallelle prosessar som grip inn i kvarandre og overlappar kvarandre. Alt ved inngangen av inneverande år vart sparekniven tatt i bruk. Blant anna vart det vedteke å kutte 50 lærarstillingar. Så langt er 30 av desse borte.

Tilsvarande vart det tidlegare i år også vedteke å skjere ned talet på årsverk med 190 som ein del av ein toårsplan. Dette inngår naturleg nok som ein del av budsjettkutta for neste år, men vil få større verknadar på lengre sikt.

Det er ikkje tvil om at Ålesund kommune er nøydd til å spare. Ikkje eit fakkeltog kunne ha rokka på den realiteten. Dagens driftsnivå er ikkje berekraftig.

No er kutta vedtekne. Då står det att å gjennomføre. Det må skje slik at kvaliteten i minst mogeleg grad blir svekka og dei mest sårbare langt på veg blir skjerma. Det kan det vere verdt å tenne ein fakkel for.