Kappløpet om å utvikle effektive vaksinar mot covid-19 er inne på oppløpssida. Legemiddelkjempene Pfizer og Biontech melde denne veka at deira vaksine har vist 90 prosent effektivitet i testar.

Dette er svært lovande resultat og eit stort lyspunkt i kampen mot pandemien.

I ei tid der smittetala aukar verda over, er dette gledelege nyheiter. Vi må likevel vakte oss mot å feire for tidleg, og vi enno lenge vere budde på å leve med strenge smitteverntiltak.

Nyheita frå Pfizer og Biontech kom mandag denne veka. Politikarar og helsetoppar jubla og børsar over heile verda reagerte med markert kursoppgang. Ikkje berre var dette ei svært etterlengta nyheit, men dersom denne vaksinen viser seg å ha så høg effektivitet som testane syner, er det langt høgare enn venta.

I tillegg til denne vaksinen er ti andre kandidatar inne i siste testfase, såkalla fase-3 testing, der dei vert testa i storskala på menneske. Tempoet i denne testinga har gått opp den siste tida, paradoksalt nok på grunn av at auken i smittespreiinga har gitt meir smitte i testgruppene.

Selskapet Moderna varsla onsdag at dei kan ha resultat frå sine testar klare om mindre enn ei veke. Det er venta tilsvarande resultat av denne testinga, sidan deira vaksine er svært lik Pfizer-vaksinen.

Sjølv om dei mest lovande kandidatane skulle få like gode resultat som Pfizer og Biontech, står det att både tid til endeleg godkjenning og tida det tar å produsere milliardar av dosar. I tillegg kjem store utfordringar med logistikk og organisering av vaksineringa.

Det siste blir særleg krevjande med vaksinar som krev to dosar med få veker mellomrom samstundes som vaksinen må lagrast ved svært låge temperaturar, slik tilfellet er med både Pfizer-vaksinen og Moderna sin variant.

Norge har gjennom sin avtale med EU sikra seg tilgang til fleire av dei lovande vaksinekandidatane – inkludert vaksinen frå Pfizer og Biontech. Ein slik tilgang som vi truleg måtte sett langt etter om vi hadde stått åleine. Dette viser verdien av tett internasjonalt samarbeid og internasjonal solidaritet.

Pandemien er global, og må bekjempast globalt.

Trass dei gode nyheitene den siste veka er det difor viktig at vi held fast på tre ting: Rettvis og effektiv fordeling av vaksiner, eit strengt smittevern så lenge det er naudsynt og tiltak som dempar dei negative konsekvensane av krisa.

Vi er enno ikkje i mål.