Trafikken i tunnelane mellom Valderøy og Ellingsøy til Ålesund sentrum er høgre enn dei fleste andre undersjøiske samband i Norge. Trafikkveksten er så stor at eit nytt tunnelløp eller bru allereie no blir vurdert.

Før ein satsar på så kostbare tiltak bør ein prøve andre alternativ.

Framlegget om å etablere ei større innfartsparkering på Ytterland på Valderøy er eit godt døme på ei slik alternativ tilnærming. Initiativet er positivt, men parkeringsplassar vil ikkje åleine løyse problemet og neppe heller det viktigaste tiltaket.

Ålesundstunnelane har i dag langt høgare trafikk enn til dømes Oslofjord-tunnelen, og trafikken veks. Saman med Sula er Giske den kommunen i fylket som i følgje Statistisk sentralbyrå vil ha den høgaste folketalsveksten dei neste 20 åra.

Statens vegvesen meiner at sambandet snart vil vere sprengt, og har tilrådd å utgreie eit ekstra tunnelløp, bru eller tilfluktsrom i tunnelane av omsyn til tryggleiken.

Sett opp mot så kostbare tiltak er tiltak som reduserer biltrafikken langt betre samfinnsøkonomisk. Trafikknutepunktet kommunane Giske og Ålesund, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen har på blokka på Ytterland saman med H.I. Giørtz Sønner AS kan vere ein god start.

Det er også i tråd med nasjonale og lokale mål om å ta trafikkveksten i byområde med gange, sykkel eller kollektivtransport.

I ei slik satsing vil likevel ikkje 350 til 450 avgiftsbelagte parkeringsplassar under tak vere det einaste og heller ikkje det viktigaste. Det er ikkje mangel på parkeringsplassar som i dag gjer at så mange vel å ta privatbilen gjennom tunnelen.

Utan ei massiv satsing på kollektivtilbodet kan ei slik satsing på innfartsparkering bli eit slag i lause lufta. Bussen må gå ofte nok, vere billeg nok og ikkje minst dit køyre folk skal. Det er god tilgang på gratis parkeringsplassar på Ytterland i dag.

Hyppigare bussavgangar enn i dag er heilt naudsynt - ikkje berre til sentrum og men også med fleire direktetruter mot NTNU, sjukehuset og Moa. Realisering av bypakken i Ålesund vil også bidra til å gjere kollektivtransporten meir konkurransedyktig.

Kort sagt må det vere meir attraktivt å ta buss enn å ta bilen gjennom tunnelane før dette blir ein suksess. Det vil koste.

Finansieringa bør likevel vere enkel, samanlikna med kva staten må ut med for eit nytt tunnelløp eller bru.