Norske sjukehus bør ha minst like streng smittevernpraksis ved import av arbeidskraft som private bedrifter. Terskelen for å gjere unntak frå karanteneplikta må vere svært høg.

Alle slike unntak inneber ein auka risiko for eit smitteutbrot som kan få svært alvorlege konsekvensar for sjukehusdrifta.

Difor er det god grunn til å stille spørsmål ved praksisen ved sjukehuset i Kristiansund, der helsepersonell blir tatt rett inn i arbeid på føden utan å ha vore i karantene. Bak den avgjerda spøker Stortinget sitt pålegg om at avdelinga må haldast open.

Ifølgje NRK Møre og Romsdal har fire gynekologar og fire jordmødrer frå Sverige og Danmark fått unntak frå karanteneplikta for å arbeide ved fødeavdelinga i ved sjukehuset. Pasientane har ikkje vorte informerte.

Helsepersonell har ingen generell høve til unntak frå karantene. Slike unntak skal berre nyttast om det er fare for liv eller helse.

Det spesielle i denne saka er at helseføretaket sjølv tidlegare har foreslått å samle fødetilbodet i Molde fram til det nye sjukehuset på Hjelset står ferdig. I tillegg til dei økonomiske argumenta var grunngjevinga at det ville gi ei meir stabil drift.

Rekrutteringsproblem har gjort avdelinga svært sårbar.

Stortinget sette bestemt ned foten for ei slik forsert samanslåing av dei to fødeavdelingane.

Dermed er det like mykje politisk press som ei medisinfagleg avgjerd som ligg bak når Helse Møre og Romsdal ser seg nøydd til å droppe karanteneplikta for å halde avdelinga oppe.

Import av arbeidskraft frå land med høg spreiing av koronasmitte gir auka risiko for smittespreiing i Norge. Svært mange smitteutbrot i det siste har vore slik importsmitte. Rundt kvart femte nye smittetilfelle første veka i november var knytt til reisande frå utlandet.

Difor har vi strenge karantenereglar.

Eit sjukehus kan kanskje ha betre grunnar enn eit verft til å få unntak, men samstundes kan konsekvensane ved eit smitteutbrot også vere større.

I løpet av året, heilt frå det første smittetilfellet ved augeavdelinga ved Ullevål universitetssykehus, har vi sett korleis det kan slå ut viktige funksjonar ved sjukehus. I sommar var unntak frå karanteneplikta for ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus årsak til at fleire titals pasientar måtte i karantene og sengeposten måtte stoppe alt inntak av pasientar.

Det kan godt vere at Helse Møre og Romsdal er tvingande nøydde til å ta ein slik risiko, men det må vere medisinfagleg grunngjeve – ikkje eit resultat av politisk press.