Sunnmøre tingrett si avgjerd i rettssaka om vindkraft på Haramsøya skuffar mange, men er ikkje svært overraskande. Sjansane til å vinne fram for domstolen med kravet om å stoppe utbygginga var små.

Likevel var det både rett og viktig å bringe saka inn for retten.

Når det er sådd tvil om at vedtaka i ei slik sak er lovleg fatta, er domstolane den rette plassen å få prøvd dette. Den moglegheita kunne ikkje vere uprøvd.

Tingretten har landa på ein klar og grundig grunngjeven konklusjon om at det ikkje er lovgrunnlag for å stoppe utbygginga på Haramsfjellet. Påstanden om at konsesjonen kviler på ulovleg fatta vedtak bestemt tilbakevist.

Gruppa «Nei til vindkraft på Haramsøy» hadde håp om eit heilt anna utfall. Elles hadde sjølvsagt ikkje saka kome for retten med dei kostnadane og den belastninga det fører med seg.

Mange som støttar organisasjonen sin kamp er både skuffa og sinte.

Nettopp då er det viktig å vere klar på kva som er domstolane si rolle i slike saker. Domstolen korkje kan eller skal ta stilling til om det var rett å gi konsesjon til utbygginga, berre om det er gjort rett og grunnlaget for avgjerda er forsvarleg.

Retten kan berre gripe inn om det er prov for misbruk av mynde, mangel på heimel, feil i faktum og sakshandsaminga - eller om saka ikkje er forsvarleg opplyst. Feila må vere bestemmande for saksutfallet. Mindre feil og feil som er retta seinare er ikkje nok.

I ei sak med sterke kjensler kan dette vere vanskeleg å akseptere, men domstolane skal altså ikkje døme kjensler, drive politikk eller overprøve forvaltninga sitt frie skjønn.

Slik er fordelinga av makt i eit demokrati som vårt.

Nei til vindkraft på Haramsøy har bestemt seg for å anke, slik også Motvind Norge gjorde då dei tapte ei tilsvarande sak for Jæren tingrett tidlegare i år. Motvind Norge bestemte seg for å droppe den anken, og har enno ikkje bestemt seg for å gå vidare med hovudsøksmålet.

Eit tap som kosta millionsummar i sakskostnader svir.

Nei til vindkraft på Haramsøy må betale eigne sakskostnader, og er dømd til å betale 950.000 til Haram kraft AS. Dette er tungt for ein liten organisasjon. Eit tap i lagmannsretten kan auke denne kostnaden, og då er det også naturleg å ta ei ny vurdering på om hovudsøksmålet skal takast for retten.

Mangel på pengar bør ikkje hindre ein anke no. Sjølv om grunngjevinga til Sunnmøre tingrett syner at motbakken kan bli bratt, bør ei slik sak prøvast i to instansar.

Domstolane kan ikkje bestemme om det er rett å satse på vindkraft, men berre dei kan endeleg avgjere om lova er broten eller følgd.

Slik må det vere i eit demokrati som vårt.