Regjeringa vil tre fritt skuleval i vidaregåande skule ned over fylkeskommunane med tvang. At Venstre som eit parti som seier det kjempar for det lokale sjølvstyret pressar gjennom dette, er oppsiktsvekkande.

Venstre var den viktigaste fødselshjelparen for regionreforma. Den skulle flytte makt frå staten til lokale folkevalde.

Likevel går altså Venstre og kunnskapsminister Guri Melby i spissen for å detaljstyre fylka om korleis dei skal styre skulane sine.

Sjølvsagt er det gode argument for å la elevane velje skule fritt, slik at elevar ikkje blir tvinga til å gå på nærskulen sin. På same måte finn ein mange argument på det motsette.

Fritt skuleval gir ei opning for enkeltelevar til å velje seg bort frå sin nærskule, enten det er faglege eller sosiale årsaker til dette. Det kan vere viktig for mange.

Samtidig er det klart at fritt skuleval for nokre, betyr at ein tar frå andre deira val.

Sterke elevar med gode karakterar vil kunne velje frå heile menyen. Elevar med dårlegare karakterar må velje frå restane som blir att om eit prinsipp med fritt skuleval blir praktisert fullt ut. Det kan bety at dei ikkje får gå på nærskulen sin, men må flytte.

I eit slikt system vil altså dei mest skuleflinke kome styrka ut, medan dei meir sårbare elevane vil bli taparane.

Dette er hovudgrunnen til at ei slik omlegging av opptaksordninga som møter sterk motstand. Då forslaget vart sendt på høyring vende over 80 av 120 høyringsinstansar tommelen ned. Mellom desse var KS, NHO, Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund og fleire av fylkeskommunane.

Motstandarane fryktar at ein ved å gå frå nærskuleprinsippet til eit reint karakterbasert opptak vil utarme distriktsskular, svekkje prinsippet om einingsskulen og få ei inndeling i A- og B-skular.

I Oslo har ein sett slike tendensar til ei deling av dei vidaregåande skulane i A- og B-skular. B-skulane kan i ei slik utvikling ende opp med å slite med både skulemiljøet og å rekruttere gode lærarkrefter.

Får vi e slik utvikling, er det eit tap for skulen og eit tap for samfunnet.

For det gamle lærar- og skulepartiet Venstre burde det vere eit alvorleg tankekors.

Så betyr ikkje dette at ein må låse seg til enten det eine eller det andre. Både nærskuleprinsippet og prinsippet med fritt skuleval har sine positive sider, og nokre fylke har allereie i dag hybridløysingar som prøver å ta med seg det beste frå begge. Det er i dag fullt ut opp til fylka å finne slike løysingar basert på kva som fungerer best lokalt.

Nettopp den moglegheita i det lokale sjølvstyret er det altså Venstre vil fjerne.