Oljekronene sit laust i lommeboka til Senterpartiet. Knapt nokon er rausare enn det Trygve Slagsvold Vedum er i sitt alternative budsjett.

Partiet brukar meir på korona-krisepakke enn regjeringa og Frp, og kuttar samtidig kraftig i skattar og avgifter.

Sjansen for gjennomslag for ein slik politikk er minimal, men det betyr nok mindre enn gallup og timing.

I meiningsmåling etter meiningsmåling målar Senterpartiet no krefter med Høgre og Arbeidarpartiet. Særleg frå Framstegspartiet og Arbeidarpartiet hoppar veljarane over skigarden og inn på Senterpartiet si innmark.

I dei siste målingane har partiet bikka 20 prosent, og må tilbake til EU-striden for å finne stabilt like høge tal. Vedum er no så sjølvsikker at han allereie snakkar om breie politiske løysingar «der de store partiene Ap, Høyre og Sp» kjem saman.

Frå toppen av denne gallup-bølgja er det altså at Senterpartiet dryssar ut sitt alternative budsjett.

Her ligg det 24,5 milliardar meir enn det regjeringa og Framstegspartiet så langt har lagt opp til i sin krisepakke. Senterpartiet får med det rom til både nettolønnsordning, millarddryss til kommunane, auka dagpengar og forlenga kompensasjonsordning.

I tillegg ligg det inne framlegg om betydelege avgifts- og skattekutt, mellom anna til «svensk matmoms». Netto skatte- og avgiftslette, etter skatteskjerping for dei rikaste, ville ha blitt på tre milliardar.

Tilfeldig eller ikkje: Dette kjem samstundes med at Frp-leiar Siv Jensen står i svingdøra til statsministeren i forhandlingar om neste års budsjett. Uansett kva ho oppnår der, vil det vere trist og grått samanlikna med det Vedum har på si budsjett-kladdeblokk.

Senterparti-budsjettet har på si side ikkje «ein snøballs sjanse i …» til å bli gjennomført. Ikkje i haust. Ikkje i ei eventuell regjering med Arbeidarpartiet. Viktige grunnar til det er at Regjeringa og Frp sitt budsjett skal styre eit land gjennom krisa. Senterpartiet sitt skal brukast til å vinne veljarar.

SV sin finanspolitiske talsperson, Kari Elisabeth Kaski, skuldar Vedum for å vere urealistisk. Akkurat på det punktet har SV eit poeng. Både oljepengebruken og skatte- og avgiftsopplegget vil kollidere kraftig mot regjeringsplattforma til ei eventuell raud-grøn regjering neste haus.

Akkurat det betyr nok mindre for Senterpartiet i dag. Kall det populisme eller kall det overbodspolitikk. I jakta på veljarar reknar ein ikkje så nøye på realismen i eit papirbudsjett.