Private leverandørar av velferdstenester fortener betre enn å bli stempla som profittørar, like lite som dei fortener heltedyrking. Dei bør bli behandla som det dei er: Bedrifter som skaper verdiar i tenestesektoren.

Så har sjølvsagt også desse bransjane bedrifter som både tøyer og bryt reglar.

Det må ein slå ned på. Regelverket må også bli betre. Å jage alle private ut av velferdsbransjen gir oss korkje betre eller billegare velferdstenester.

Velferdstenesteutvalet la i går fram sin rapport om lønsemd og pengestraumar hos private leverandørar av velferdstenester. Konklusjonen er at det ikkje er grunnlag for å hevde at det er utstrekt superprofitt i bransjen.

Det betyr likevel ikkje at alt er perfekt.

Utgreiinga er grundig og konklusjonane er samansette. Å karakterisere den som eit bestillingsverk, slik delar av opposisjonen gjer alt før den 600 siders rapporten er kald frå trykkeriet, er lettvint politisk retorikk og grundig skivebom.

Hovudkonklusjonen i rapporten er at ein ikkje kan slå fast at dette er ein bransje der superprofitten florerer. Driftsmarginen i dei over 1.200 selskapa som er undersøkt, ligg under snittet for andre ikkje-finansielle aksjeselskap i Norge.

Selskapa tener pengar, men altså i gjennomsnitt mindre enn det som er normalt.

Utan slik forteneste ville heller aldri privat kapital gått inn i desse næringane. Alternativet ville vore rein offentleg eller ideell drift. Ein slik modell kjem ikkje med garanti om betre bruk av skattepengar eller høgre kvalitet på tenestene.

Ein kan godt vere imot private velferdstenester på ideologisk grunnlag, men ikkje avvise fakta fordi dei ikkje stemmer med ideologien.

Velferdstenesteutvalet sin rapport bør i staden vere grunnlag for ei grundig politisk behandling. Då kan den gi grunnlag for å forbetre regelverket og den offentlege kontrollen med bransjen. Det er det behov for.

Store private formuar er bygde opp på oppsiktsvekkande få år på barnehagedrift, asylmottak og barnevern. Utvalet peikar også på svakheiter i regelverk og kontrollen med dette.

Smotthol gjer det mogeleg å omgå utbyteforbod, og det er rom for kreativ skattetilpassing. Det er behov for betre kontroll og større openheit.

Velferdsstaten har store utfordringar når det gjeld framtidig finansiering og oppslutning. Fokuset må vere korleis vi løyser dette og korleis vi gjer både tenester og regelverk betre.

Då må vi ikkje gjere velferda til offer i ein idelogisk skyttargravskrig.