Fleire tiår med fagre ord og tallause utgreiingar blir gjort til handling. Endeleg er det klart for byggestart for Stad skipstunnel. Om mindre enn fem år kan dei første fartøya passere Stad utan å frykte det vêrutsette Stadhavet.

Budsjettforliket mellom Framstegspartiet og regjeringspartia blir med dette historisk for kysten.

Skipstunnelen vil opne for ei ny tid i utviklinga av regionen, kystnæringane og sjøtransporten.

Stad skipstunnel har vore gjennom uttallege utgreiingar og vore tema i mange statsbudsjett gjennom dei siste tiåra. No er det altså klart at prosjektet får ei startløyving på 75 millionar neste år.

Nettopp dette var nok eitt av dei avgjerande momenta for at Frp fekk gjennomslag for sitt krav i forhandlingane. Prosjektet har vorte utgreidd og utsett så mange gongar at vi var kome til det punktet der eit endeleg «ja» eller «nei» var einaste utveg.

Krav om nye utgreiingar ville ikkje ha vore truverdig.

Då Hordaland fylke, og seinare Vestland, stilte seg bak prosjektet med ny kraft, gav det også ekstra politisk tyngde til kravet om byggjestart som særleg gav gjenklang i statsministeren sitt eige parti.

Skipstunnelen ligg i dag inne i Nasjonal transportplan (NTP) med 2,7 milliard kroner. Kystverket stadfesta i si siste utgreiing i fjor at den kan byggjast innanfor denne ramma (2,9 milliardar i dagens kroneverdi). I Kystverket sin handlingsplan er det lagt opp til anleggsstart i 2022 og fullføring i 2025.

Stad skipstunnel vil bety svært mykje for kysten og særleg Nordvestlandet. Aller viktigast er sjølvsagt at dette vil gi tryggare, raskare og meir miljøvennleg seglas langs kysten for dei mindre fartøya. Tunnelen og ei indre farled vil redusere risikoen for ulykker, og liv kan bli spart.

Vi vil også få betre regularitet og mindre ventetid ved Stad ved uvêr. Slik vil sjøverts transport bli eit meir konkurransedyktig alternativ, blant anna for den veksande havbruksnæringa. Eit hurtigbåtsamband mellom Ålesund og Bergen blir også mogeleg. Det vil gi utvida bu- og arbeidsmarknad i regionen.

På kort sikt vil også anleggsarbeidet vere viktig i ein region som sårt treng ny aktivitet. Verdas første skipstunnel bør også kunne bli ein attraksjon som reiselivsnæringa kan skape aktivitet, verdiar og arbeidsplassar rundt.

Mange har arbeidd hardt og lenge for å få dette prosjektet fram til byggjestart. No kan folk langs heile vår del av kysten juble saman med dei. Så må vi brette opp ermane og utnytte dei moglegheitene dette gir oss.

Tunnelen skaper åleine ingen verdiar. Det må arbeid til.