Smalare vegbreidde på nye motorvegar vil bety mykje for svært mange vegprosjekt i Norge. Dette vil kunne kutte kostnadane på svært mange prosjekt.

Slik vil vi både kunne løfte samfunnsnytten på det enkelte prosjektet, få vegmilliardane til å rekke lengre og få realisert fleire nye prosjekt.

I Møre og Romsdal vil dette i første omgang kunne bety billigare firefeltsveg på strekninga mellom Ålesund og Molde.

Statens vegvesen sine såkalla vegnormalar engasjerer kanskje først og fremst vegingeniørar på dei aller smalaste vegkonferansane. Dette er likevel dokument som betyr mykje for oss alle.

Heilt sidan den første vegnormalen vart utforma på 60-talet har dette lagt grunnlaget for korleis vegar blir bygde her i landet, med klare krav til alt frå vegbreidde, linjeføring og akseltrykk til skilting og tryggleiksutstyr.

Slik har ein sikra heilskap sjølv om vegnettet er bygd ut stykkevis og delt. Vegnormalane har også vore viktige for arbeidet med trafikktrygging og miljø. På godt og gale har dette også fått økonomiske konsekvensar.

Fleire har kritisert desse vegnormalane for å vere for lite fleksible, og slik gjere enkelte vegar dyrare enn naudsynt.

Tidlegare samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) ba i 2018 derfor ein ny gjennomgang for korleis vi kan byggje motorvegar. Målet var billegare firefeltsvegar med fartsgrense på 110 km/t i område med moderat trafikkmengd.

Statens vegvesen og Nye veier AS kom opp med løysingar der vegbreidda blir 3 og 4 meter smalare.

På slike vegar kan kostnadane bli redusert med 12–15 prosent.

Etter at Dale og Frp gjekk ut av regjering vart det Knut Arild Hareide (KrF) som fekk ansvaret for å få samferdsle-Norge inn på den smale veg.

Regjeringa opnar no for å byggje ut firefelts vegar på ned mot 19 meter på vegar med mellom 6.000 og 12.000 køyretøy i døgnet. Dette er vegar der det i dag blir bygde to- eller trefelts vegar. For vegar med 12.000 til 20.000 køyretøy i døgnet blir minstebreidda redusert til 20 meter.

I dag er kravet 23 meter uansett.

I dag er ny E39 mellom Molde og Ålesund tenkt bygd som to og trefelts veg i første omgang, men planlagt for firefelts veg seinare. Innsparinga her ligg derfor fram i tid. Statens vegvesen – og eventuelt Nye veier AS, kan derimot no vurdere ei smalare bru over Julsundet.

Dette vil løfte samfunnsnytten for Møreaksen og styrke prosjektet i kampen om vegløyvingane.