Kvart år betalar folket langs kysten av Norge 2,8 milliardar kroner for å reise med ferjer. Dette er ein skatt på reiser og bruk av vegnettet i distrikta som må reduserast kraftig.

For distrikta sin del. For Norge sin del.

Ferjeopprøret i fjor haust sette med all kraft saka på dagsorden. Det er ingen grunn til å avblåse opprøret no, sjølv om takstauken som utløyste opprøret er reversert.

I utvalsrapporten som tidlegare Høgre-statsråd Victor Norman la fram sist veke, vart det kalla sløsing med samfunnet sine ressursar å krevje inn ferjebillettar og bompengar på strekningar og ferjetilbod som vil ha ledig kapasitet sjølv utan brukarbetaling.

Den ballen bør lokalpolitikarar i kystfylka ta.

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok tysdag endeleg å reversere takstauken som vart innført i fjor. I tillegg kom tre ulike forslag som har som mål å få prisen på ferjebilletten endå lågare.

Høgre ba om å få ei sak i fylkestinget om halvering av ferjetakstane frå 2022. Frp foreslo å kutte ei ekstra takstsone om fylket går med overskot i år. Arbeidarpartiet og Senterpartiet sitt framlegg var å be regjeringa og Frp om å finne pengar til halvering av ferjetaksten allereie på statsbudsjettet for neste år.

Lokalt er det altså ei brei politisk semje om å kutte kraftig i ferjetakstane.

I staden for å drive eit politisk svarteperspel om dette, er det difor på tide å danne ein brei politisk allianse.

Ferjefylka har ikkje handlingsrom til å ta desse kutta sjølv. Ei halvering av billettprisen vil åleine koste Møre og Romsdal 230 millionar i året. På landsplan snakkar vi om rundt 120 ferjesamband og ein årleg kostnad 1,4 milliardar.

Skal dette bli meir enn tomme ord frå ein talarstol, må saka løftast opp og inn i partiprogramma til dei store partia.

Sp har lenge hatt som mål om å gjere ferjereisene gratis. Frp har tidlegare meint det same, men har moderert det til å «legge til rette for billigere fergepriser».

Den viktigaste jobben no blir å få Høgre og Ap til å leggje seg på same line.

Norman-utvalet meiner at fri bruk av ferjer bør avgrensast til trafikksvake samband, og trur ikkje gratis ferjer til alle, slik det er i Sverige vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt.

Argumenta for å kutte kraftig i prisen på ferjebillettane er likevel både gode og sterke. Det vil styrke konkurransekrafta til næringslivet langs kysten, bidra til å styrke bu- og arbeidsmarknadsregionar og gjere det meir attraktivt å bu i distrikta.

Skal ferjereisande i Møre og Romsdal ha håp om slike kutt, må fylkespolitikarane legge vekk det politiske spelet. Dei må samle seg om det dei faktisk seier dei er samde om og gjere jobben mot eigne parti.