Sunnmørsposten meiner:

For tidleg å avblåse krisealarmen

Stengt: Den britiske regjeringa fryktar at innreisenekt for britar i Frankrike kan føre til matvaremangel i jula. Her står lastebilar i kø for å køyre inn til hamna i Dover.  Foto: Gareth Fuller / PA via AP / NTB

Leder

Smittesituasjonen i Storbritannia er ei dramatisk påminning om at koronakrisa langt frå er over. At dei første vaksinene no er ute, betyr ikkje at vi kan avblåse krisealarmen.

Strenge smitteverntiltak vil prege kvardagen vår til langt ut i nest år.

Maratonløpet vi starta på i vår, har framleis mange tunge kilometer igjen. Den siste delen vil setje store krav til oss om å halde ut.


Direktefly frå Storbritannia blir stansa i to døgn

Regjeringa stansar innreise frå Storbritannia straks for å hindre spreiing av den nye virusvarianten. Stansen varer i første omgang i to døgn.


Fleire europeiske land innførte allereie i helga innreisenekt eller skjerpa innreisereglar for reisande frå Storbritannia etter på grunn av den nye, svært smittsame virusvarianten. Mandag kom land som Norge og Sverige etter.

Ferjeterminalen ved Dover stengde. Køene av trailarar vaks kilometerlange og britane fryktar mangel på varer. London og fleire andre område i Søraust-England er stengt med ein "jernring" som skal hindre spreiing av virusmutasjonen.


FHI: Ny koronavariant kan gjere epidemien meir krevjande

Den nye koronavarianten er no oppdaga i fleire land. Dersom han får stor utbreiing i Noreg, kan det bli meir krevjande å handtere epidemien, seier FHI.


Smittevernekspertar meiner den kan vere opp til 70 prosent meir smittsam enn andre variantar. Søndag steig dei britiske smittetala med nær 36.000, det dobbelte samanlikna med veka før. Så langt er det ikkje noko som tyder på at den er meir dødeleg.

At viruset muterer, er ikkje uvanleg eller overraskande i seg sjølv. Alle virus gjer det.

Likevel kan no kampen mot Covid 19-pandemien gå inn i ein ny og meir krevjande fase. Faren for ei ukontrollert smittespreiing aukar. Det kan truge intensivkapasiteten ved sjukehusa igjen og slik krevje fleire liv.


WHO ber europeiske land trappe opp tiltakene mot den nye virusvarianten

Verdens helseorganisasjon (WHO) ber medlemslandene i Europa trappe opp smitteverntiltakene på grunn av den nye virusvarianten som sprer seg i Storbritannia.


Enkelttilfelle av virusvarianten er alt oppdaga utanfor Storbritannia. Strenge tiltak for reisande frå landet vil truleg altså berre bremse spreiinga til andre land, ikkje hindre den.

Koronaviruset overraska ei heil verd då den spreidde seg raskt over heile kloden etter det første kjende tilfellet i Kina 17. november i fjor. Den nye mutasjonen syner at det kan overraske igjen.

Effektive vaksiner med langvarig verknad er det einaste som kan gi oss noko i nærleiken av full kontroll.


Flere koronavaksiner til Norge – mottar i underkant av 50.000 doser i romjula

Norge vil motta oppunder 50.000 doser av vaksinen fra Pfizer/Biontech i romjula, melder Helsedepartementet. Det er nesten 40.000 flere enn tidligere meldt.


I Norge startar vaksineringa 27. desember. Dei første som blir vaksinerte er eldre som bor på institusjonar.

Norge står langt frame i vaksinekøa gjennom avtalen vi har med EU. Trass dette vil det gå fleire månader før så mange er vaksinert at vi kan snakke om flokkimmunitet og kontroll. Globalt må minst 5,5 milliardar menneske ha vaksinert seg før vi har oppnådd det.

Faren er no at vi byrjar å kjenne oss trygge fordi vaksineringa er i gang. I kombinasjon med nye virusmutasjonar kan det gjere oss ekstra sårbare for nye utbrot. Det kan vi kome til å betale ein høg pris for.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder