Er det noko vi bør ha lært av året vi no har lagt bak oss, så er det kor sårbare vi framleis er. Minst like viktig er det å sjå kva styrke vi har i fellesskapet med kvarandre i vid forstand.

For slik koronaviruset har vist at vi er sårbare saman, syner kampen mot pandemien korleis vi kan kjempe saman.

Den lærdomen bør vi ta med oss.

Covid-19 har på berre litt over eitt år tatt over 1,8 millionar liv. I Norge har vi sluppe lettare unna enn mange andre, med færre smitta, færre døde og mindre økonomisk tilbakeslag.

Tiltak vart sett inn tidleg, helsevesenet vårt er godt rusta og vi har solide økonomiske ressursar. Men vi har også eit samfunn som er bygd på samhald, omsorg og tillit til kvarandre og styresmaktene.

Vaksinene som no gir oss nytt håp har blitt til på rekordtid. Dette er også eit resultat av stor felles innsats, både innan dei fremste fagmiljøa og på tvers av grenser mellom fag, institusjonar og land.

Norge sin tilgang på vaksiner er sikra gjennom internasjonalt samarbeid. Utan eit tett samarbeid med EU, ville vi som eit lite land ha stått lengre bak i vaksinekøa, trass gode økonomiske ressursar.

Statsminister Erna Solberg understreka dette poenget i sin nyttårstale fredag. Ho advarte samstundes mot dei som tar til orde for at kvar nasjon skal vere seg sjølv nok. Det er det god grunn til.

Det finst knapt ei einaste større utfordring innan helse, tryggleik, teknologi, miljø eller økonomi som vi løyser betre åleine enn i fellesskap med andre. Dette gjeld lokalt, nasjonalt og globalt.

Likevel har kreftene som står for isolasjonisme, proteksjonisme og nedbygging av internasjonalt samarbeid har vore i framgang dei seinare åra. Eit slikt verdssyn byggjer på trua på at all framgang skjer i konkurranse mellom land som alle set seg sjølv først.

Donald Trump sitt «America first» er ikkje eit isolert fenomen som starta med Trump eller tar slutt ved presidentskiftet 20. januar.

Folk og nasjonar konkurrerer, men konkurrere er ikkje alt dei gjer eller skal gjere.

Tar vi eit slikt standpunkt heilt ut, går vi glipp av det faktum at vi deler og skaper ein felles lagnad. Det gjeld under ein pandemi, under ei flyktningkrise, stilt overfor våpenkappløpet, internasjonal kriminalitet, fattigdom eller klimakrisa.

Som statsministeren sa i nyttårstalen: «Verdens land får til mye mer sammen enn hver for oss»

For alle som bor i eit lite land bør verdien av slikt fellesskap i handtering og førebygging av kriser vere overtydeleg.

Åleinegang er oppskrifta på det motsette.