Folk sin tillit til norske styresmakter har auka markert gjennom pandemiåret 2020. Svært overraskande er det ikkje. I kriser ser vi ofte nettopp at folk sluttar opp om sentrale institusjonar i samfunnet.

Vi bør likevel sjå på dette som meir enn eit symptom på krisa vi står i.

Tillit er ein av berebjelkane i eit demokrati, både tilliten mellom folk og folk sin tillit til sentrale institusjonar i samfunnet. Men vi må aldri ta slik tillit for gitt.

Ser vi utanfor våre eigne grenser og den nære kretsen av europeiske allierte, ser vi nemleg ei heilt anna utvikling. I land som Polen, Ungarn og Tyrkia har antidemokratiske krefter brukt krisa til å forsterke sitt grep om makta.

I USA ser vi eit spel om makta som trugar grunnvollane i demokratiet. Ikkje berre har Donald Trump nekta å vedkjenne nederlaget, men langar ut mot personar og som er sett til å ta i vare demokratiet, inkludert domstolane heilt opp til USA sin høgsterett.

Det er eit farefullt spel.

USA har frå før langt lågare tillits-kapital å tære på enn dei skandinaviske landa. Frå 50-talet og fram til no har USA gått frå å vere samfunn prega av høg tillit til å bli eit av landa i Vesten med minst tillit mellom folk og mellom folk og makthavarar.

Saman med auka politisk polarisering var dette med på å bane vegen for Trump sin valsiger i 2016. Dei mest aparte konspirasjonsteoriane som florerer er berre toppen av eit isfjell av sviktande tillit.

I dei fire åra som har gått, har denne utviklinga akselerert.

Det er altså ein allereie svekka berebjelke i det amerikanske demokratiet som er under angrep når landet sin øvste leiar nektar å godta valresultatet med udokumenterte påstandar om massivt valfusk og angrep på alt frå valordninga, domstolane og justisdepartementet.

På toppen av dette prøvar han presse guvernørar til å "gi han" stemmene han treng.

Det siste er direkte rystande.

Så langt har dei amerikanske demokratiet tolt stresstesten, men dette liknar svært mykje på korleis ein kan ta livet av eit demokrati.

Ipsos si årlege tillitsundersøking syner tal som får Norge til å stå fram som reine Kardemommeby samanlikna med USA. Både domstolane og Stortinget blir målt til historisk høge nivå, og tilliten til regjeringa gjer også eit stort sprang opp på skalaen.

Krisa bidreg til at vi samlar oss, men viktigare er det at det er dei demokratiske institusjonane vi stiller oss bak.

Den verdien må vi slå ring om. Tillit er ingen evig ressurs, men må ha stadig påfyll og vern.