Fredag la regjeringa fram ein omfattande plan for korleis Norge skal kutte i klimagassutsleppa. Ambisjonen er å oppfylle klimamåla som vi har forplikta oss til, og samtidig legge grunnlaget for grøn vekst.

Regjeringa foreslår mellom anna at CO₂-avgifta gradvis skal trappast opp frå dagens nivå på 590 kroner til 2000 kroner per tonn i 2030. Auken vil gjere det stadig dyrare å sleppe ut CO₂ og stadig meir lønsamt å kutte utslepp. Auka avgifter skal få sitt motsvar i tilsvarande skatte- eller avgiftslette på andre område.

Forslaget om tredobling av CO₂-avgifta har alt ført til skarpe protestar frå Frp, som regjeringa først vil søke støtte hos. Det blir argumentert med at høgare CO₂-avgift vil vere ein gåvepakke til norske bedrifters konkurrentar i utlandet, og svekke norsk næringsliv. Ikkje alle er einige i den vurderinga. Mange næringslivsleiarar på Sunnmøre har vist i praksis at dei meiner alvor med grøn omstilling, og har etterlyst høgare CO₂-avgift.

I eit intervju med NRK Møre og Romsdal seier næringslivsleiar Knut Flakk at CO₂-avgifta bør aukast endå meir enn den tredoblinga som regjeringa foreslår. Kraftig auke i CO₂-avgifta er avgjerande for å få fart på investeringane i grøn teknologi, seier han. Det har han heilt rett i. Både av omsyn til miljøet og framtidige arbeidsplassar, må det bli lønsamt å satse på berekraftige løysingar. Grøn omstilling vil dessutan kunne gi Norge konkurransemessige fordelar, dersom vi ikkje ventar for lenge.

Transportsektoren står for 30 prosent av dei norske klimautsleppa, og derfor er dette eit sentralt tema i meldinga. Auka bruk av klimakrav når det offentlege skal gjere innkjøp, er eit av verkemidla. Det blir til dømes krav om nullutslepp for offentlege innkjøp av bilar, ferjer og hurtigbåtar.

Det er avgjerande at regjeringa klarer å følge opp med støtteordningar til bedrifter som satsar grønt. Det er behov for gode finansieringstilbod som kan bidra til at det blir utvikla nye konkurransedyktige løysingar. Ved å avgiftslegge skadeleg CO₂, kan det frigjerast midlar til nye prosjekt.

Dei konkrete tiltaka som er foreslått i stortingsmeldinga om klimapolitikk, vil vere avhengig av fleirtal i Stortinget. Tiltaka vil utløyse debatt, og det er bra. Det er behov for større engasjement i klimapolitikken, og auka bevisstheit rundt behovet for ambisiøse klimatiltak.