Ytringsfridomen til USA sin avtroppande president er ikkje sett til side, sjølv om han har blitt utestengd frå fleire sosiale medier. Få i verda har så god tilgang til dei største talarstolane som han har.

Likevel er det både uklokt og svært problematisk når internasjonale gigantar som Facebook, Amazon, Twitter, Alphabet og Apple i samla tropp freistar å kneble Donald Trump.

Selskapa har kvar for seg stor makt. Samla blir den enorm. Vi bør derfor vere kritiske når dei opptrer både aktor og dommar for å stilne stemmer.

Som privateigde selskap er dei truleg juridisk sett i sin fulle rett til å utestengje alle som bryt med vilkåra dei har sett i sine brukaravtalar, gitt at avtalane elles held seg innanfor lovverket.

Nokre årsaker er også lette å forsvare. Mange har lenge etterlyst at desse selskapa skal ta eit større ansvar for innhaldet. Det gjeld alt frå falske nyheiter frå russiske trollfabrikkar til rasisme, trakassering og trugsmål - eller til kriminelle handlingar.

Ytringsfridom betyr ikkje at alle fritt kan seie kva dei vil, kvar dei vil og når dei vil.

Etter at Twitter først stengde kontoen til Trump mellombels i samband med den akutte, dramatiske situasjonen, vart den permanent stengd i slutten av førre veke. Facebook, Snapchat, Spotify, Twitch og fleire andre følgde etter.

YouTube og TikTok har stramma inn, og Amazon, Apple og Alpabeth har kasta ut appen til plattforma Parler.

Angela Merkel, ein av verdsleiarane som tok skarpt avstand frå hans rolle i samband med storminga av Capitol Hill, er også svært kritisk til desse selskapa sin handlemåte med omsyn til ytringsfridomen. Fleire norske politkarar reagerer heldigvis på same måte.

Når dei store selskapa slik handlar i samla tropp, vil mistanken om at det i stor grad er politisk motivert, liggje under, anten det er for å fremje eigne politiske sympatiar eller å tekkjast eit opprørt fleirtal av folket.

Uansett vil det kunne bidra til å skjerpe polariseringa i staden for å dempe den. I sin tur vil det kunne styrke yttarleggåande, valdelege krefter heller enn å svekkje dei. Det styrkar ikkje demokratiet å kaste ut Trump frå Twitter.

Endå viktigare er likevel det prinsipielle:

Ytringsfridomen er for verdifull til at vi kan overlate det til store multinasjonale selskap å forvalte den.

Deira makt er utanfor folkevald kontroll, og berre gitt dei i kraft av ein dominerande marknadsposisjon.