Hærverk og sabotasje mot vindkraftverket på Haramsøya har ingenting i ein politisk kamp å gjere. Slike handlingar er heilt uakseptable, og må stoppast.

Politiet må gjere det dei kan for å stille vandalane til ansvar.

Anleggsmaskinene og utstyret til entreprenøren er ikkje det einaste som blir øydelagt av slikt. Dette skadar også den legale motstanden mot vindkraftutbygginga, og kan gjere vondt verre for lokalsamfunnet.

Ifølgje politiet er det ei mindre gruppe med godt vaksne, maskerte menn og kvinner som har drive hærverk mot vindkraftanlegget. Politiet trur at desse folka har lokal tilknyting.

Mellom anna skal det ha vore tømd sukker i støypen til fundamenta til vindturbinane, låser er øydelagde, store steinar er velta ut i vegen og det er spor av bruk av vinkelslipar på store dieseltankar.

Fleire av handlingane kan i verste fall skade både menneske og miljø.

Motstanden mot vindkraftverket på Haramsøya er sterk, og har til tider vore kjensleladd. Slike kjensler kan vere lette å forstå. Kampen står om viktige verdiar for dei som engasjerer seg, både naturverdiar, bumiljø og livskvalitet.

I mobiliseringa av folkeleg støtte mot utbygginga, er også slike kjensler like viktige som å argumentere, dokumentere fakta og påpeike det ein meiner er feil i sakshandsaminga. Sinne og frustrasjon over å bli overkøyrde, skaper både samhald og sympati.

Dette er viktig i alle grasrotkampar for å få politiske gjennomslag.

Sinne og frustrasjon kan likevel ikkje brukast til å forsvare grove lovbrot. Det er noko heilt anna å drive skadeverk enn å demonstrere. Det er noko heilt anna å ta lova i eigne hender enn å kjempe i rettssalen med lova i hand.

Sabotasje har ingen plass som kampmiddel i eit demokratisk samfunn i fredstid.

Tvert om vil slike handlingar kunne skade den politiske kampen. Det kan svekkje den folkelege støtta til saka ved at folk ikkje vil verte assosierte med slik kriminalitet.

I eit lokalsamfunn som allereie er prega av striden, kan dette også kaste skuggar av mistankar mot uskuldige og skade samhaldet mellom sambygdingar.

Hærverk har aldri vore i verktøykassa til «Nei til vindkraft på Haramsøy», og leiar Birgit Oline Kjerstad tek sterk avstand frå det som er skjedd, og meiner dette skadar deira sak.

Om dei som står bak hærverket har gjort dette for å stoppe utbygginga, bør dei lytte til henne, slutte med skadeverket og ta ansvar for det dei har gjort.