Ålesund kommunestyre si uro over framtida til Ålesund sjukehus er ikkje utan grunn. Taper Helse Møre og Romsdal i kampen om kronene i ny finansieringsmodell, kan ei sakte utarming bli resultatet.

Den er allereie i gang.

Skeivfordelinga av midlar har alt gått ut over kvalitet og kapasitet i form av lavare bemanning og reduserte investeringar i bygg og medisinskteknisk utstyr. Helse Midt-Norge må stoppe denne utviklinga no.

Det seier seg sjølv at år med underskot, nedpinte investeringar og knallharde sparekrav har sett sine spor for Helse Møre og Romsdal. Ei vesentleg årsak er kuttet som kom då Magnussen-modellen vart innført i regionen.

I februar skal styret i Helse Midt-Norge vedta innføring av den reviderte Magnussen II-modellen. Kampen om kronene spissar seg til. St. Olavs hospital, som var vinnaren sist, fryktar trangare rammer.

Striden står mellom anna om kor mykje St. Olavs hospital skal få for å ta i vare viktige regionfunksjonar.

Signala frå styret og leiinga, med eit samla formannskap i Trondheim i ryggen, er at det det beløpet må bli så høgt at det ikkje blir noko att til omfordeling. Om ikkje dei får det slik, raslar dei med kutt-sablane over regionfunksjonane.

Lyttar Helse Midt-Norge mest til dette, samstundes med ei tung satsing på SNR i Molde, vil det kunne skade helsetilbodet til den mest folkerike regionen mellom Trondheim og Bergen.

Regionen sin avstand til St. Olavs hospital er saman med folketalet den viktigaste årsaka til at Ålesund sjukehus må ha eit særleg breitt tilbod.

Framleis skeivfordeling vil over tid vil gjere tomme ord ut av lovnadane om at Ålesund skal ha nummer to-sjukehuset og det mest differensierte tilbodet i regionen.

Det er ikkje nok at helseminister Bent Høie har forsikra om dette fleire gonger. Det finst ingen klar definisjon på kva lovnaden konkret betyr. Utan eit innhald i form av kroner, satsing og utvikling betyr den ingenting.

Utvikling kjem av seg sjølv. Lavare bemanningsnorm, aldrande bygningsmasse og stadig eldre og meir umoderne medisinsk utstyr gir det i alle fall ikkje.

Ålesund sjukehus får no PET-scannar med innsamla pengar. PCI-behandling for hjartesjuke må også på plass. Dette er berre to døme på satsingar som treng pengar til personell og kompetanseutvikling.

Utan større økonomiske musklar risikerer Ålesund sjukehus å bli ståande på staden kvil, og bli tapar i utviklinga.

Kompetanse og tilbod blir sentralisert og retten til eit likeverdig helsetilbod blir kraftig svekka.