Gjennom heile koronakrisa har opposisjonen på Stortinget pressa regjeringa til sterkere tiltak. Krisepakkane har blitt jekka opp med fleire milliarder kroner.

Sterke norsk statsfinansar gjer at norsk økonomi har kome lettare frå krisa enn mange andre, trass i at den også vart ramma av kraftig fall i oljeprisen i fjor vår.

Effekten er at færre enn venta har mista jobben, og konkurstala er oppsiktsvekkande lave.

I dag skal statsminister Erna Solberg (H) gjere greie i Stortinget for nye smittetiltak og vidareføring av økonomiske krisetiltak. Den neste krisepakken skal gjelde frå 29. januar.

For lite og for seint, meiner opposisjonen igjen. Gjennom heile helga har Ap, SV, Sp og Frp jobba for helst i felles front kunne jekke opp også denne krisepakken. Dette sjølv om regjeringa allereie har kome partia i møte på ei rekke krav.

Regjeringa sagt ja til å forlenge permitteringsordninga, dagpengeperioden og perioden med høgre dagpengesats, i tillegg til å utvide kompensasjonsordninga for bedrifter.

Opposisjonen meiner at likevel at regjeringa enno ikkje har strekt seg langt nok.

Erna Solberg har fått sterk kritikk i fleire omgongar det siste året, både fordi regjeringa har venta for lenge med å forlenge krisetiltak og for å gi dei for kort liv. Kritikarane har eit poeng.

Både bedrifter og arbeidstakarar treng føreseielege ordningar i denne krisa.

Krisetiltak må likevel vere tidsavgrensa. Slike tiltak kan ikkje vare lenger enn det er behov for dei, for slik kan dei også vere med på å hindre omstilling. Bedrifter og arbeidsplassar som ikkje har livets rett, kan ikkje haldast kunstig i live.

Regjeringa kan ikkje stille garanti for at kvar einaste bedrift og arbeidsplass vil leve gjennom krisa. Eit krisetiltak som permitteringsordninga skal sikre at livskraftige bedrifter verdifull arbeidskraft og kompetanse, men ikkje unødig låse den inne.

Kriser betyr omstilling, både i enkeltbedrifter og i bransjar. Nokre bedrifter klarer seg ikkje, og må gi plass for nye. Nokre bedrifter må restrukturere, legge ned avdelingar eller delar av verksemda, medan andre oppskalerer og aukar staben.

Når Norwegian kuttar all langdistanse er det eit slikt døme. Kutta er smertefulle, men kan vere det som sikrar langsiktig berekraft. Dei lave konkurstala i fjor kan motsett vere eit teikn på at vi skubbar problem framføre oss.

Krisepakkar kan aldri sementere alt som det var. Det vil berre forlenge krisa. Difor er også SV sitt framlegg om at ingen bedrifter som mottar krisehjelp kan seie opp folk.

Eit slikt krav liknar meir på eit dødskyss som hindrar omstilling enn pustehjelp til vidare liv.