Sunnmørsposten meiner:

«Alvorleg svikt i tilbodet til dei farlegaste pasientane»

Rusmisbruk: Mor til rusmisbruker i Ålesund kjempar for at dottera skal få eit betre behandlingstilbod. I ein serie artiklar set Sunnmørsposten søkelys på rusomsorg.  Foto: Nils Harald Ånstad

Sviktar samfunnet behandlinga av dei sjukaste og farlegaste pasientane, er det mange som blir skadelidande

Leder

I ein serie artiklar set Sunnmørsposten søkelys på rusomsorg, og viser menneska bak tal og statistikkar. Ei mor i Ålesund fryktar si eiga dotter, som er til stor fare både for seg sjølv og andre. Dottera som vi kallar «Marte», har forsøkt å brenne ned huset, har truga mora med saks og gått til åtak på naboen med kniv. Dersom ho ikkje får tak i stoffa ho er avhengig av, blir ho valdeleg og hallusinerer. Ho er ei tikkande bombe som kan ramme tilfeldige offer. I praksis er det ingenting helsevesenet kan gjere, dersom «Marte» seier nei til behandling.

Kva må til for at samfunnet skal gripe inn? Er helsevesenet godt nok rigga for å ta hand om dei farlegaste pasientane? Dette er vesentlege spørsmål som må settast på den politiske dagsorden.


Oftere enn man kan tenke seg må moren sørge for å holde datteren på rett side av liv og død

Mor får stadig hjem sin voldelige og utagerende datter. Hvis ikke Marte takker ja til behandling, er det i praksis ikke noe helsevesenet kan gjøre.


I Volda vart ein helsearbeidar skada for livet, då ein 30 år gamal mann stakk eit skrujern inn i hovudet hans. Det var berre flaks at helsearbeidaren overlevde. Gjerningsmannen har eit rulleblad med rus, vald og truslar. Mannen hadde fleire gonger blitt køyrd til akuttmottaket på psykiatrisk klinikk i Ålesund, men etter eit par dagar var han tilbake i den kommunale bustaden i Volda. I retten uttalte dei sakkunnige psykiatrane at det verka som det lokale hjelpeapparatet i Volda hadde gitt opp å få skikkeleg hjelp frå den psykiatriske spesialisthelsetenesta i Ålesund, skriv Møre-Nytt. Det måtte eit drapsforsøk til, før samfunnet greip inn med tyngde.


Historia bak skrujern-åtaket

Eit drapsforsøk måtte til før samfunnet greip inn med tyngde. Mannen hadde allereie eit langt rulleblad og ei lang historie med psykiatri

Farleg for omgjevnadane, og ei fare for seg sjølv. Kva må til før samfunnet grip inn med tyngde? Eit alvorleg drapsforsøk er svaret i Volda.


Dette er to lokale døme på at hjelpetilbodet ikkje er tilpassa pasientar som er farlege både for seg sjølv og andre. Personar med rusproblem slit ofte også med psykiske vanskar. Psykiatrireforma, som førte til nedbygging av dei store institusjonane, har gitt raskare og betre tilbod til personar med lettare psykiske lidingar. Desse personane kan klare seg heime, ved at dei får poliklinisk behandling, og det er positivt. Men modellen passar ikkje for alle, særleg ikkje dei som treng meir langvarig og samanhengande behandling. Det finst ikkje noko heilskapleg ansvar for dei farlegaste pasientane, som lett blir kasteballar mellom kommune og spesialisthelseteneste. Dette er eit nasjonalt problem.

Talet på personar som er dømt til psykisk helsevern i Norge har auka siste åra. Når ein stor del av behandlingsplassane på sikkerheitsavdelingane i psykiatrien blir brukt til domfelte, blir det færre plassar igjen til dei sjukaste pasientane som ikkje har utført ei kriminell handling. Derfor er det behov for å undersøke nærare om organisering og kapasitet er tilpassa dagens behov. Sviktar samfunnet behandlinga av dei sjukaste og farlegaste pasientane, er det mange som blir skadelidande.


Akuttinnlagt eine dagen, utskriven andre dagen

– Ikkje forsvarleg

- Pskykiatrireforma har gått for langt, meiner kommuneleiinga i Volda.



Familiemedlem

– Kunne like gjerne vore eg som vart stukke ned

– Det kunne like godt å ha vore eg som vart stukke ned, seier ein som er i nær familie med 30-åringen som gjekk til åtak på ein miljøarbeider i Volda.




Leserinnlegg

Har du noen gang tenkt over at bildene du legger ut på Instagram kan gjøre andre syke?

Har du noen gang tenkt over at bildene du legger ut på Instagram kan gjøre andre syke?

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder