I ein serie artiklar set Sunnmørsposten søkelys på rusomsorg, og viser menneska bak tal og statistikkar. Ei mor i Ålesund fryktar si eiga dotter, som er til stor fare både for seg sjølv og andre. Dottera som vi kallar «Marte», har forsøkt å brenne ned huset, har truga mora med saks og gått til åtak på naboen med kniv. Dersom ho ikkje får tak i stoffa ho er avhengig av, blir ho valdeleg og hallusinerer. Ho er ei tikkande bombe som kan ramme tilfeldige offer. I praksis er det ingenting helsevesenet kan gjere, dersom «Marte» seier nei til behandling.

Kva må til for at samfunnet skal gripe inn? Er helsevesenet godt nok rigga for å ta hand om dei farlegaste pasientane? Dette er vesentlege spørsmål som må settast på den politiske dagsorden.

I Volda vart ein helsearbeidar skada for livet, då ein 30 år gamal mann stakk eit skrujern inn i hovudet hans. Det var berre flaks at helsearbeidaren overlevde. Gjerningsmannen har eit rulleblad med rus, vald og truslar. Mannen hadde fleire gonger blitt køyrd til akuttmottaket på psykiatrisk klinikk i Ålesund, men etter eit par dagar var han tilbake i den kommunale bustaden i Volda. I retten uttalte dei sakkunnige psykiatrane at det verka som det lokale hjelpeapparatet i Volda hadde gitt opp å få skikkeleg hjelp frå den psykiatriske spesialisthelsetenesta i Ålesund, skriv Møre-Nytt. Det måtte eit drapsforsøk til, før samfunnet greip inn med tyngde.

Dette er to lokale døme på at hjelpetilbodet ikkje er tilpassa pasientar som er farlege både for seg sjølv og andre. Personar med rusproblem slit ofte også med psykiske vanskar. Psykiatrireforma, som førte til nedbygging av dei store institusjonane, har gitt raskare og betre tilbod til personar med lettare psykiske lidingar. Desse personane kan klare seg heime, ved at dei får poliklinisk behandling, og det er positivt. Men modellen passar ikkje for alle, særleg ikkje dei som treng meir langvarig og samanhengande behandling. Det finst ikkje noko heilskapleg ansvar for dei farlegaste pasientane, som lett blir kasteballar mellom kommune og spesialisthelseteneste. Dette er eit nasjonalt problem.

Talet på personar som er dømt til psykisk helsevern i Norge har auka siste åra. Når ein stor del av behandlingsplassane på sikkerheitsavdelingane i psykiatrien blir brukt til domfelte, blir det færre plassar igjen til dei sjukaste pasientane som ikkje har utført ei kriminell handling. Derfor er det behov for å undersøke nærare om organisering og kapasitet er tilpassa dagens behov. Sviktar samfunnet behandlinga av dei sjukaste og farlegaste pasientane, er det mange som blir skadelidande.