Svært mange elevar har fått mangelfull undervisning på grunn av lange periodar med korona-tiltak det siste året. Det er i seg sjølv svært alvorleg, og kan gjere stor skade.

Ein bør ikkje på toppen av dette tvinge gjennom ein eksamen som blir djupt urettvis.

Kampen om opptak til vidare utdanning står om desimalar på karakterskalaen. Difor bør ikkje tilfeldige skilnader under ein pandemi avgjere heile livsretninga til mange unge menneske.

Lærarar og elevar har gjort ein kjempeinnsats frå nedstenginga i mars i fjor og fram til no. Digital undervisning har vorte hovudregelen for mange i lange periodar, og fleire enn ein skulle vente har kome seg greitt gjennom dette.

Men skilnadane er store, større enn det som er normalt ved vanleg undervisning.

Nokre har gode føresetnader for å få godt utbyte av slik undervisning. For andre har dette blitt ei belastning som kjem i tillegg til utfordringar dei allereie hadde. Skilnaden mellom dei som har god oppfølging heime og dei som ikkje har det, har blitt større.

Mange elevar har vorte einsame og utrygge, og det er vanskelegare enn normalt for lærarar å fange opp og hjelpe dei som slit. I tillegg er det også store skilnader mellom ulike skular og ulike område, alt avhengig av den lokale smittesituasjonen.

Utdanningsdirektoratet slår fast at vi i dette skuleåret ikkje kan vere sikre på at alle elevar har fått den opplæringa dei har rett på.

Allereie det er svært alvorleg. Mange andre som blir ramma av koronakrisa, lir store økonomiske tap. Til skilnad frå ungdom som får problem på grunn av manglande undervisning, kan dette langt på veg kompenserast gjennom krisepakkar.

Ingen krisepakke kan erstatte einsemd, psykiske problem og tapt undervisning.

Gjennomføring av eksamen i ein slik situasjon vil forsterke vanskane for dei som frå før slit mest. I tillegg vil resultata frå eksamen kunne variere altfor mykje mellom skular alt etter kor mykje dei har vorte råka av ulike lokale nedstengingar.

At undervisningsministeren har opna for at skular kan stengje ned utan at det er grunngjeve i smitteverntiltak, gjer ikkje dette betre.

Både Utdanningsdirektoratet, elevorganisasjonar og lærarorganisasjonar har kravd at eksamen i vår må avlysast.

Statsråden ser no på saka. Ho bør gå inn for løysingar som sikrar elevane vitnemål utan eksamen, og at eksamen berre blir gjennomført der det ikkje er andre alternativ, slik som privatistar.