Når kriminaliteten flyttar seg frå gata til data, klarer ikkje Politiet å henge godt nok med ifølgje Riksrevisjonen. I ein ny rapport blir det retta kritikk mot at kampen mot nettkrim blir for lågt prioritert.

Kritikken har adresse både mot politiet si eiga prioritering og Justisdepartementet.

Adresselista burde vore lengre.

Sett i høve til den sterke auken i alvorleg nettkrim, blir også et einsidige fokuset i debatten på talet på lensmannskontor og patruljar ein del av problemet.

Sjølvsagt går det langt ut over Riksrevisoren sitt ansvar å vere ryddehjelp i den politiske debatten. Riksrevisor Per-Kristian Foss sin jobb er å sjå etter at det er samsvar mellom politiske prioriteringar og resultat.

Ofte er det store sprik. Slik også her. Politiet brukar for lite tid på etterforsking av teknologikrevjande kriminalitet, eit område som skal vere høgt prioritet.

Spriket oppstår fordi veksten i slik kriminalitet er stor, større enn veksten i ressursar og kompetanse hos politiet. Men det handlar også om måten politikarar prioriterer på.

For politikarar er det alltid lett å seie kva som skal prioriterast, men vanskelegare å seie kva som må nedprioriterast om ikkje ressursane kjem etter.

I eit målstyringsregime kan lista over prioriterte område bli så lang at den blir utydeleg og full av kompromiss.

Derfor må det ikkje vere tvil om det politiske ansvaret.

Det er ikkje slik at det ikkje blir satsa. Tala fortel at talet på registrerte saker og saker som blir følgde opp og etterforska aukar både i dei sentrale einingane og i politidistrikta.

Ei viktig brikke her er den sterkt utskjelte politireforma. Den har gitt rom for spesialiserte einingar og sterkare fagmiljø også ute i politidistrikta. Dette ser vi tydelege spor av mellom anna i den viktige kampen mot nettovergrep.

Store, ressurskrevjande prosjekt som Dark room i Vest politidistrikt og Operasjon Jupiter i Møre og Romsdal hadde knapt vore mogeleg utan.

Eit skremmande stort tal saker vart avslørt, saker som gjeld valdtekter, menneskehandel og framstilling og deling av overgrepsbilete av barn.

Politiet har gått frå gata til data.

Kanskje ikkje raskt nok. Sett i høve til utviklinga i kriminalitetsbiletet bør nok tempoet skruast opp.

Då kan vi ikkje ha ein debatt om politiet og politireforma som legg einsidig vekt på kor mange uniformerte bilar vi ser langs svingete landevegar.