Få andre næringar kan syne til like stor evne til omstilling som landbruket. Talet på bruk og bønder har falle dramatisk, og produktivitetsveksten har vore enorm.

Langt på veg har dette vore naudsynt, men det har også sin pris.

Landbruket si betydning for busetnaden i distrikta er svekka, og bondeyrket har blitt eit meir einsamt yrke med mindre fagmiljø.

I Norge er det i dag under 39.000 aktive gardsbruk. For 30 år sidan var talet nær 100.000. Reduksjonen er altså på rundt 60 prosent.

Størst endring har det vore i mjølkeproduksjonen, den delen av landbruket som betyr mest for landbruket på Vestlandet. På dei ti siste åra har talet på mjølkebruk i landet blitt redusert med nær 40 prosent.

I Møre og Romsdal har talet redusert frå rundt 1.000 til 665 dei siste ti åra. Mjølkeproduksjonen per bruk har i same periode auka med nær 70 prosent.

Nytt regelverk for dyrevelferd og miljø har saman med krav til effektivisering vore mellom drivarane til utviklinga. Behov for tunge investeringar har pressa mange til å leggje om til anna drift eller til å leggje ned.

Næringa har blitt meir kapitalintensiv.

Tilbake står heldigvis mange bønder som både har vilje, evne og føresetnader til å sats på næringa, anten på eigen kjøl eller i samdrifter.

Sunnmørsposten kunne måndag fortelje om to av dei, Andreas Haram (34) og Anders Kjellstad Rogne (29) på Haramsøy. Dei to unge bøndene slår seg no saman og investerer over 14 millionar i nytt lausdriftsfjøs.

Slikt pågangsmot er det stor grunn til å verdsetje. Og dei er ikkje åleine. Saman med sine yrkesbrør- og systrer bidrar dei til å halde oppe busetnaden i distrikta og sikre norsk matproduksjon, sjølvforsyning og beredskap.

Samstundes må vi våge å stille spørsmål med kor langt vi er villige til å la utviklinga halde fram.

Svært mange av dei rundt 7.000 mjølkebruka i Norge står om få år framfor valet om å leggje ned eller å satse. Seks av ti har i dag båsdrift, og må investere i nye driftsbygningar med lausdrift innan 2034.

Slett ikkje alle vil klare dette, og i mange bygder på Vestlandet vil geografien sette ein effektiv stoppar for kor store driftseiningar ein kan skape. I Sverige produserer 3.000 mjølkebønder mjølk til ei befolkning som er dobbelt så stor som den norske.

Skulle vi ha effektivisert tilsvarande i Norge, er det ikkje berre bøndene som måtte betalt ein svært høg pris.