Stadig yngre barn blir involvert i slåstkampar, og truga til å teie om det som går føre seg. I ein reportasje i Sunnmørsposten fortel fleire rektorar i Ålesund om ein trend som gir grunn til bekymring. Fenomenet «beefing» handlar om ypping til strid, krangling og avtalte slåstkampar som blir filma og lagt ut i sosiale medium. Dette har vi tidlegare omtalt som eit problem mellom ungdommar, men no ser ein at slåstkampane involverer barn heilt ned i barneskulealder.

Ordet «snitching», som kjem av det engelske ordet «snitch» (sladre/tyste), er viktig å forstå. Innanfor dette miljøet er det nemleg sosialt akseptert å straffe, hetse eller stenge ute dei som snitcher. Mange barn er livredde for å få dette stempelet på seg, og held tett om ting dei absolutt burde varsle vaksne om.

Slagsmål mellom unge er ikkje noko nytt, men problema blir forsterka ved bruk av sosiale medium. Videoar med valdeleg innhald blir spreidde til fleire, og belastninga for offera blir tyngre å bere. Ikkje alle slåstkampar er frivillige. Mange blir pressa til å delta. Barn blir plaga og audmjuka, og ingen våger å snakke om det.

Det blir fortalt at barn som bankar andre, oppnår ein form for status. Det er ille. Å banke opp andre for å heve sin eigen posisjon, er alt anna enn ærerikt. Det er ei feig handling. Vald avlar vald, og barn treng hjelp til å kome seg ut av denne negative spiralen.

Det er avgjerande at vaksne får kjennskap til forholda. Takk til rektorar som tek problema på alvor, og informerer foreldre og samfunnet elles. Ved Åse skole hadde førebyggande avdeling i politiet informasjonsmøte sist onsdag, og fleire andre skular har planar om det same.

Grunn til uro: Barn blir banka opp, filma og ingen våger å fortelle noko i frykt for å bli stempla som snitcher. Foto: (Illustrasjonsfoto

Alle gode krefter må mobilisere for å få bukt med denne systematiske mobbinga. Dersom barn veks opp i eit miljø der vald gir status, kan skadeverknadane bli svært alvorlege, først og fremst for barna som blir banka, men også for dei som utfører handlinga, eller opptrer som heiagjeng. Foreldre og skule må samarbeide for å endre haldningar. Barn treng hjelp til å utvikle empati, og til å forstå kva som er rett og gale.

Mykje tyder på at trenden med avtalte slagsmål er blitt forsterka under pandemien, når organiserte fritidsaktivitetar er stengt. Det gjer det endå meir nødvendig å handle raskt, slik at denne ukulturen ikkje får utvikle seg i det stille.