I år er fleire presseorganisasjonar nominerte til Nobels fredspris. Reporters sans frontières (RSF), Committee to Protect Journalists (CPJ) og The International Press Institute (IPI) har i mange år arbeida for å styrke ytrings- og pressefridomen i verda, dokumentere drap på journalistar og kjempe mot sensur. The International Fact-Checking Network, som driv med faktasjekking, er også med. Å tildele fredsprisen til ein eller fleire av desse organisasjonane vil vere eit kraftfullt signal om verdien av uavhengig journalistikk i arbeidet for fridom og fred.

Bak dei ulike nominasjonane står stortingsrepresentantar frå Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre og KrF. AP-leiar Jonas Gahr Støre har, i tillegg til RSF og CPJ, også nominert den filippinske journalisten og redaktøren Maria Ressa. Ho er både eit symbol på og representant for, den gruppa av journalistar som treng vern. Ressa leiar ein nettstad som har avdekka korrupsjon, og som legg vekt på etterforskande journalistikk. Ho er blitt trakassert, truga og arrestert, og må leve med dødstruslar hengande over seg.

Nærare 600 journalistar er blitt drepne på jobb i løpet av dei siste ti åra. Mange fleire er blitt skada. Dei farlegaste landa for journalistar i fjor var Mexico, Irak, Afghanistan, India og Pakistan, ifølgje Reportere utan grenser (RSF). Fleire av dei drepne jobba med tema som korrupsjon og organisert kriminalitet. Grufulle mord skaper frykt som kan føre til at andre journalistar let vere å rapportere om forhold som bør fram i lyset. Det gjer samfunnet farlegare for alle.

Når journalistar blir drepne fordi dei gjer jobben sin, er det eit angrep på fundamentet for eit fredeleg samfunn. Dersom ingen rapporterer, eller avdekker kritikkverdige forhold, er alle menneskerettane i fare.

Å gi Nobels fredspris til presseorganisasjonar vil vere ein måte å anerkjenne innsatsen til alle dei som risikerer livet for å få fram fakta og søke etter sanning. Fri og uavhengig rapportering og redaktørstyrte medium er vesentleg for å kunne førebyggje og hindre krig og konfliktar. Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) har peika på at spreiing av løgn og desinformasjon frå utanlandske aktørar via sosiale medium er ein alvorleg trussel mot Norge, som kan bidra til å destabilisere demokratiet. Pandemien har vist med styrke kor avgjerande viktig det er med påliteleg rapportering og uavhengig journalistikk.