Når eit russisk selskap tar kontroll over fabrikken som har levert motorar og gjer vedlikehald på norske marinefartøy, kan vi ikkje stille oss likegyldige. Her må regjeringa ta grep.

Oppkjøp av norske bedrifter kan ikkje vere ei bakdør inn til noko vi elles vil verne om.

Ikkje alle land har eit like tydeleg skilje mellom stat, etterretningstenester og kommersielle interesser som i Norge. Russland er eitt av landa der grensene er utydelege.

Rolls-Royce selde nyleg Norges einaste attverande produsent av større skipsmotorar, Bergen Engines, til russiske TMH International. Det er ikkje eit kva som helst slags oppkjøp.

Bergen Engines leverer motorane til dei nye, norske kystvaktfartøya, og har også kontrakt på vedlikehald og service. Desse fartøya er svært viktige i å hevde suverenitet og kontroll i nordområda.

På lista over skip som motorfabrikken har eit slikt ansvar for, står også spionskipet «Marjata». Skipet er bygd under eit strengt sikkerheitsopplegg ved Vard Langsten i Tomrefjord. I 2014 vart skipet døypt av statsminister Erna Solberg som gudmor.

Dåverande etterretningssjef Kjell Grandhagen omtalte skipet som eitt av dei mest avanserte etterretningsfartøya i verda. Fartøyet er spekka med avansert teknologi, og er ein spydspiss i overvaking og hevding av suverenitet i nord.

Alle desse fartøya har ei særs viktig rolle i ein periode der Russland har trappa opp sin aktivitet i nordområda og Arktis, både sivilt og militært.

PST har nyleg peika på faren ved strategiske oppkjøp av bedrifter som Bergen Engines frå utanlandske interesser. Då er det rart at ingen reagerer på russiske interesser spaserer om bord på fartøy som nettopp har så stor strategisk verdi.

«Vi anser dette som en avtale om salg mellom to kommersielle aktører, noe departementet ikke skal eller bør blande seg inn i», sa statssekretær Lars Andreas Lunde (H) i Nærings- og fiskeridepartementet til Bergens Tidende.

Det står fram som naivt.

Forsvaret tar dette i alle fall så mykje på alvor at kontraktane det må gå gjennom kontraktane med Bergen Engines på nytt.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sine svar i Stortinget denne veka, var heller ikkje tryggande. At ansvaret er delt mellom tre eller fleire departement er ikkje ei forsikring om at vi har god kontroll i saka.

Pulverisering av ansvaret er det same som å ikkje ta ansvar.