Det er viktig å få fram konsekvensane av den systematiske nedbygginga av langtidsplassar i psykiatrien som har gått føre seg sidan 1980-talet. Sunnmørsposten har i ein serie artiklar sett søkelys på utfordringar innan rusomsorg og psykiatri, og har avdekka manglar i tilbodet til dei alvorlegast sjuke. Mange pårørande kjenner avmakt i eit system som ikkje er tilpassa deira kjære, og pasientane er lite synlege i samfunnsdebatten. Dermed kan problema vekse seg stadig større, utan at noko skjer.

Spørsmål som blir stilt er om endringane i lova om psykisk helsevern i 2017 har gjort samfunnet farlegare. Ei mor i Ålesund tok kontakt med Sunnmørsposten for å be om hjelp til å belyse problemet med alvorleg sjuke som nektar å ta imot behandling. Dottera hennar, som er rusavhengig, har forsøkt å brenne ned huset, har truga mora med saks og gått til åtak på naboen med kniv. Likevel er det ingenting helsevesenet kan gjere, dersom dottera seier nei til behandling.

Det fins mange døme på personar som er farlege både for seg sjølv og andre, og som ikkje får den oppfølginga dei burde ha fått. Årsakene kan vere både mangel på rette behandlingstilbod, og lovendringa som gjer det vanskelegare å bruke tvang i behandlinga av personar som er farlege over lengre tid. Det er politikarane som vedtek lover og forvaltar ressursane. Derfor er det dei som må ta ansvaret for denne utviklinga, ikkje dei tilsette i psykiatrien.

Vedtaket om at psykotiske kriminelle skal kunne dømmast til behandling på lukka, psykiatriske avdelingar, førte til endå sterkare press på dei få langtidsplassane som er igjen. Det er eit tankekors at personar som er dømt til tvunge psykisk helsevern, blir prioriterte framfor alvorleg sjuke som ikkje har gjort noko ulovleg. NRK skreiv tidlegare i år om ei 23 år gamal kvinne som sette fyr på huset til ein barnefamilie med vilje, fordi ho ville ha så streng straff som mogleg. Det vitnar om ein fullstendig feilslått politikk, dersom personar må bli kriminelle for å få langvarig psykiatrisk behandling.

Både fagfolk og pårørande peikar på at nedbygginga av institusjonsplassar har gått for langt. Poliklinisk behandling er rimelegare for helseføretaket, men passar ikkje for pasientar som treng samanhengande behandling over tid. Mange pasientar med alvorlege lidingar er i dag svingdørspasientar i akuttpsykiatrien, både på grunn av mangel på kapasitet og endringar i lovverket. Dette rammar også pasientar med lettare psykiske lidingar, som må stå lenger i kø for å få hjelp. Vi meiner det er behov for ein ny opptrappingsplan for psykiatrien, som tek omsyn til heile behandlingskjeda.