Tilbodet til pasientar med hjarteinfarkt i Møre og Romsdal er langt dårlegare enn i nabofylket i nord. Lang avstand til næraste PCI-senter er forklaringa på dette.

Så langt har Helse Midt-Norge tvihalde på eit sentralisert tilbod.

Resultatet er at langt færre pasientar i Møre og Romsdal får utført utblokking av tronge blodårer enn dei fleste andre stadar i landet. Sunnmøre er blant dei områda i landet der færrast får tilbod om slik behandling.

Prinsippet om eit likeverdig helsetilbod for alle, uavhengig av kvar ein bor, er eitt av dei berande prinsippa i norsk helsepolitikk. Ei slik forskjellsbehandling av pasientar kan difor ikkje vere akseptabel.

Likevel har planane om å etablere eit PCI-senter ved sjukehuset i Ålesund møtt stor motstand over lang tid.

Ikkje minst har skepsisen vore stor ved St. Olavs hospital, dit pasientar frå heile helseregionen no må fraktast for å få slik behandling. Då planane om PCI-senter i Ålesund vart teke inn i utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal i 2018, protesterte også legar ved sjukehuset i Molde.

Begge deler er uforståeleg.

Ikkje minst er det vanskeleg å forstå at spesialistar ved St. Olavs hospital hevdar at dei ikkje kan hjelpe til å etablere eit slikt senter i Møre og Romsdal, når ein veit at nokre av dei har tilbydd tilsvarande hjelp over grensa til Sverige.

Pasientar med hjarteinfarkt som ikkje får utblokking av tronge blodårer ved hjartet i tide, har langt større risiko for helseproblem, lågare livskvalitet og lengre tid med rehabilitering. Helsepersonell burde vere dei siste som aksepterte slik forskjellsbehandling.

Alle som har ansvar for å sikre eit likeverdig helsetilbod for alle, bør prioritere å jamne ut forskjellar. Når lang avstand til eit livsviktig tilbod er årsak til forskjellane, må ein gjere alt ein kan for å kutte ned på reisetida.

I dette tilfellet er ei desentralisering av tilbodet det einaste mogelege.

Helse Møre og Romsdal har no starta utgreiingsarbeidet på nytt. Det er på høg tid, snart tre år etter at utviklingsplanen vart vedteken.

Argumentet om at pasientgrunnlaget i fylket er for lite, er i alle fall gått ut på dato for lenge sidan. Begge PCI-tilboda i Nord-Norge har lågare pasientgrunnlag. Ser vi til nabolanda Sverige og Finland blir det endå tydelegare. Finland har til dømes seks gongar så mange PCI-senter i høve folketalet som Norge.

Når den medisinske utviklinga tillèt det, kan vi ikkje la prestisje hindre at alle får lik del i framskrittet.