Stadig fleire elevar søkjer yrkesretta utdanning i vidaregåande skule, og stadig fleire fullfører utdanninga. Begge deler er resultat av ei langsiktig satsing for å gi unge ein best mogeleg start mot yrkeslivet.

Likevel er det framleis fleire tusen som fell frå utan å fullføre skulegangen, og ikkje får så god start.

Rundt 5.000 av desse misser kvart år retten til vidaregåande skule.

Søknadsfristen for vidaregåande skule gjekk ut for få dagar sidan. Søkjartala ser framleis ut til å peike rett veg. I Møre og Romsdal har til dømes nær seks av ti elevar frå ungdomsskulen valt yrkesfag.

Nasjonale tal er enno ikkje klare, men i fjor var for første gong søkjartala til VG1 størst på yrkesfag. Utviklinga er gledeleg, ikkje minst fordi næringslivet har eit skrikande behov for faglært arbeidskraft.

Ei slik gledeleg utvikling ser vi også i graden av gjennomføring. Norge har lenge hatt eit høgre fråfall frå vidaregåande opplæring enn snittet i OECD, men vi er no i ferd med å tette gapet. I fjor haust hadde tett på åtte av ti fullført skulegangen innan fem år etter skulestart.

I reine tal går no 4.000 fleire elevar ut av vidaregåande skule med eit vitnemål eller fagbrev enn tilfellet var for seks år sidan. For både næringslivet, samfunnet og den enkelte ungdom er dette av svært stor verdi.

Arbeidslivet er stadig meir kompetansekrevjande. For å setje flest mogeleg i stand til å møte krava, må vi få fleire til å fullføre vidaregåande utdanning – og leggje til rette for læring gjennom heile livet.

Difor er det viktig at vi også ser på baksida av tala. Når åtte av ti fullfører, så er det to av ti som ikkje gjer det. Av desse misser altså 5.000 kvart år retten til vidaregåande utdanning, utan vitnemål eller fagbrev.

For nokre er det svært lite som skal til. Dei manglar eitt eller få fag. For andre er terskelen framleis høg.

Regjeringa ynskjer no å fjerne regelen om at dei som ikkje fullfører innan fristen skal misse utdanningsretten. Kunnskapsminister Guri Melby (V) meiner dette blir den største endringa av vidaregåande skule på 25 år.

Reforma er ei av dei viktigaste nye grepa som skal sikre at vi skal nå målet om at innan 2030 skal ni av ti fullføre og bestå vidaregåande. Sjølvsagt vil dette bli både krevjande og kostbart, og fylkeskommunane må tilførast ressursar som gjer dei i stand til å gjere denne jobben.

Sett i høve til kva den langsiktige kostnaden av fråfallet er for den enkelte og samfunnet, er dette ei lønsam investering.