Historiene er så grufulle at det kan vere vanskeleg å ta dei innover seg. Slavehandel skjer også i vår eiga tid. Tidlegare IS-slave og no menneskerettsforkjempar Nadia Murad fekk Nobels fredspris i 2018 saman med legen Denis Mukwege for sin kamp mot seksualisert vald. Pristildelinga var viktig for å rette søkelyset mot desse forferdelege overgrepa, som dessverre ikkje har minka i omfang dei siste åra. Kjønnsbasert vald er eit stort globalt problem, som krev innsats på mange frontar.

Jentene i Nigeria som vart kidnappa og misbrukt av Boko Haram, jesidi-kvinnene i Irak som vart selde som slavar av IS, og rohingya-kvinner i Burma som er blitt systematisk gjengvaldtekne, er døme på uhyrlege brotsverk. Valdtekt blir brukt som våpen i krig, og får store konsekvensar for fleire generasjonar. Mukwege sa det slik: «Når ei kvinne blir voldtatt, er det vårt liv som blir øydelagt. Når eit barn blir voldtatt, er det vår framtid».

Journalisten Christina Lamb har jobba i konfliktområde i over 30 år, og kom i fjor ut med boka «Voldtekt som våpen. De usynlige krigsofrene». Lamb har snakka med kvinner i mange konfliktområde som har vore utsette for valdtekt, og dokumenterer kor omfattande dette problemet er. Ho peikar på at sjølv om valdtekt vart definert som internasjonalt krigsbrotsverk i 1919, har det likevel berre vore ei domfelling på dette grunnlaget i alle desse åra. Når ingen blir stilt til ansvar, kan overgrepa halde fram i år etter år, utan risiko. Boka til Lamb er både eit kampskrift og eit monument over kvinner som er blitt offer for krigsvaldtekter, men som aldri vil få namna sine på minnesmerke over falne.

Det er avgjerande at dei som utfører seksuell vald blir stilt til ansvar. Det er viktig både av omsyn til offera som har krav på rettferd, men også fordi straff kan verke avskrekkande. Norge har stått sentralt i kampen mot seksualisert vald internasjonalt, og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) har tatt gode initiativ i dette arbeidet. Vi må bruke vår stemme i FNs tryggingsråd til å styrke denne innsatsen. Det må bli slutt på at valdtekt blir brukt som våpen i konfliktar, utan at det får konsekvensar for gjerningsmennene.

Overgrep er ikkje berre eit problem i krigsområde. Kvinner og barn blir utsette for vald og mishandling i nære relasjonar også i vårt eige land. «Bekjemp vold mot kvinner» er ein av parolane i dagens 8. mars markering i hovudstaden, og det er eit tema som fortener stor merksemd.