I januar ville Senterpartiet gå inn for å flytte GIEK/ Eksportkreditt (Eksportfinans) ut av Oslo. No vil partiet i staden flagge dette som ei gladsak for Groruddalen.

I trafikken kunne ein slik u-sving ha ført til bot eller tap av førarkort.

I politikken blir manøveren forsøkt gøymt i tåke.

Senterpartiet sin næringspolitiske talsperson, Geir Pollestad, sa i januar at partiet gav full støtte til å flytte nye Ekportfinans ut av Oslo. Det er den same Pollestad som no peikar på Groruddalen.

Som forsvar for ei slik tverrvending, seier han at det er viktig å halde regjeringa sine lovnader til Groruddalen.

Pollestad sitt problem er at regjeringa aldri har lovd å lokalisere etaten der.

Det einaste regjeringa har sagt om dette, er at lokalisering til Groduddalen skal vurderast. Noko anna kunne den heller ikkje seie utan å bryte med retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar. Hovudregelen er her at nye statlege verksemder skal lokaliserast utanfor Oslo-gryta.

Om det skal gjerast unntak for det, skal Groruddalen vurderast.

At regjeringa følgjer opp dette er milevidt frå å vere ein lovnad – endå lengre unna eit vedtak.

Senterpartiet kan uansett ikkje meine dette er bindande også for dei. Difor kan utspelet frå Pollestad tolkast som anna enn faneflukt og eit hjelpelaust forsøk på tåkelegging flukta. Senterpartiet er sjølvsagt fri til å stå på standpunktet frå januar – eller på partiprogrammet om utflytting av statlege arbeidsplassar.

Utflytting av nye Eksportfinans handlar om langt meir enn berre dei 140 arbeidsplassane som er i dei to etatane i dag. Ei utflytting vil også bidra til å styrke finansmiljø utanfor hovudstaden og kutte avstanden til dei viktigaste kundane.

GIEK og Eksportkreditt har i dag ein stor del av engasjementa sine knytt til eksportnæringane på Vestlandet.

Fysisk avstand betyr noko sjølv i ei digital tid – for begge partar.

I ei undersøking Sparebanken Vest har gjort, svarer sju av ti eksportbedrifter i Møre og Romsdal at dei ikkje har brukt det offentlege verkemiddelapparatet dei to siste åra for å styrke sin eksport. Komplisert regelverk og avstand er viktige forklaringar til dette.

Staten må ta grep for å byggje ned tersklane mellom verkemiddelapparatet og dei mest eksportretta delane av næringslivet.

Å flytte hovudkontoret for Eksportfinans ut av hovudstaden, kan vere eitt slikt grep. Å bruke det til byutvikling i Oslo, er ikkje det.