Rundt 100 offshoreskip som ligg i opplag i Norge går ei svært usikker framtid i møte. Svært mange av dei har små utsikter til å kome ut i nye oppdrag i rimeleg framtid.

I staden for å bidra til å skape verdiar, skaper dei kostnader og økonomiske tap.

Maritimt Forum sitt framlegg om å etablere eit statleg resirkuleringsfond for slike fartøy, må i ein slik situasjon vurderast nøye. Det kan både skape arbeid til maritim industri og bygge ned overkapasiteten i flåten.

Maritimt Forum presenterte denne modellen saman med offshore-reiar Stig Remøy ved Green Yard Kleven torsdag. I tillegg til å skape ny aktivitet ved verft som er godkjende for resirkulering av skip straks, meiner dei dette også vil legge grunnlag for ei grøn flåtefornying.

Mange av dei rundt hundre fartøya som ligg i opplag i dag, er eldre skip som aldri meir vil kome i oppdrag. Sjølv dei nyaste fartøya blant desse har byrja å dra på åra. Etter oljesmellen i 2014 er det knapt nok bygd nye offshorefartøy.

Dei eldste fartøya er utdaterte både teknisk og miljømessig. Desse må uansett fasast ut, både av omsyn til behovet for flåtefornying, miljø og økonomi. Skal dei attverande reiarlaga igjen bli lønsame, må eitt av tiltaka vere å krympe flåten.

Opplag er ei løysing for fartøy som er utan oppdrag for ei avgrensa periode. For fartøy som aldri har sjanse til å kome i drift att, er opplag berre ei forlenging av ei krise. I tillegg er det til hinder for omstilling i næringa.

I dag er også offshorefartøya omfatta av ei generell kondemneringsordning. For nyare skip er likevel denne mindre treffsikker. Den har difor ingen eller minimal effekt på fartøy som er bygd etter tusenårsskiftet, slik store delar av offshoreskipa i opplag er.

Staten har ikkje skapt denne situasjonen, og bør heller ikkje løyse den åleine. Reiarlaga må sjølvsagt også bere sin del av dette ansvaret, og bankar og andre kreditorar må rekne med å endeleg avskrive tapa.

Den direkte gevinsten for fellesskapet kan likevel vere verdt innsatsen. Det kan skape ny verdiskaping og setje fleire i arbeid ved norske verft med godkjenning for resirkulering av skip. Vraking av utdaterte fartøy vil også gi rom for å bygge nye skip bygd på moderne, miljøvennleg teknologi.

Med andre ord er det gode grunnar til å greie ut framlegget frå Maritimt Forum nærare.

Det kan verte dyrare å la det vere.