Den digitale trusselen frå utanlandske, statlege aktørar er alvorleg, og ingenting tyder på at den blir redusert det komande året, går det fram av ein rapport frå Forsvarets forskingsinstitutt (FFI). Tidlegare var det kostbart og komplisert for statar å påverke forhold i andre land, medan det i dag er enkelt, effektivt og nesten kostnadsfritt å nå personar og grupper direkte via sosiale medium. Med bevisst spreiing av løgner og desinformasjon gjennom nyheitsliknande saker og falske profilar, gjennomfører statar påverknadsoperasjonar i skjul. Målet kan anten vere å få folk til å endre syn i ei bestemt sak, eller å skape splid og aggresjon ved å polarisere debattar. Statar med totalitært styresett har interesse av å destabilisere demokratiske statar, ved å øydelegge landet innanfrå.

Det er viktig å vere klar over at dette går føre seg. Ifølge FFI er cyber-sosiale påverknadsforsøk ein del av trusselbildet mot Norge som vi må lære oss å leve med. Opplæring i kritisk medieforståing og kjeldekritikk er avgjerande for å styrke motstandskrafta vår mot slike operasjonar.

Norge har eit breitt spekter av redaktørstyrte medium som har forplikta seg på streng presseetikk, som også omfattar kjeldekritikk. Informasjon som folk kan stole på, er heilt avgjerande for at samfunnet skal fungere. Derfor er det grunn til å glede seg over at dei redaktørstyrte media har fått auka oppslutning under pandemien, både i form av fleire brukarar, hyppigare besøksfrekvens og fleire abonnentar. Mange oppgir at dei ser på nyheiter som vesentlege for eit velfungerande samfunn.

Ei fersk undersøking frå MBL viser at nordmenn har høg tillit til norske redaktørstyrte medium, og stadig fleire går direkte til nyheitskjeldene for å halde seg orienterte. Medan tilliten er stor til at norske medium formidlar dei viktigaste nyheitene om covid-19 pandemien, er det få som stoler på korona-informasjonen som dei får gjennom sosiale medium. Tillit er avgjerande i eit demokrati, og vi som arbeider i media må kvar einaste dag jobbe for å gjere oss denne tilliten verdig.

Tilgang til samfunnsviktig, kjeldekritisk journalistikk på tvers av sosiale skiljeliner blir stadig viktigare. Dersom enkelte grupper systematisk går glipp av dette, er det problematisk, fordi informasjonsmessig klasseskilje kan gjere folk meir sårbare.