Kyrkjerådet vil gjere det lettare for medlemmane i Den norske kyrkja å ta del i kyrkjevalet om to år. Det er det ikkje alle i kyrkja som er like glade for.

Bønnelista vil helst at berre aktive kyrkjegjengarar skal røyste.

Ei slik haldning til kyrkjedemokratiet er ikkje med på å byggje ei brei folkekyrkje. Tvert om.

Kyrkjerådet håpar å få fleire av dei 3,7 millionar medlemmane i Den norske kyrkje til å delta ved neste kyrkjeval ved å opne for digital førehandsrøysting. Ved førre val var det berre knapt 390.000 som gjorde det, eller nærare bestemt 12,7 prosent.

Ei så lav valdeltaking vitnar om eit lågt engasjement om Den norske kyrkja, og den er med på å gjere legitimiteten til dei styrande organa i kyrkja svært svak. Saman med fallande medlemstal og lav deltaking ved gudstenester undergrev det Den norske kyrkja sin posisjon som folkekyrkje.

I eit demokrati er det viktig at flest mogeleg deltar ved val. Likevel ser vi, også i demokratiske land, at kampen om valordningar blir viktig i kampen om makt. Striden om poststemmene ved presidentvalet i USA er det ferskaste dømet på det.

Kyrkjerådet vedtok dei nye reglane for digital førehandsrøysting før jul. Dei fleste høyringsuttalane var positive til dette. No er den tekniske løysinga lagt ut på anbod, og målet er å ha den på plass til valet i 2023.

Bønnelista vil det annleis.

«Når berre tre av ti medlemmar i DNK trur på Gud, er det ikkje nødvendigvis bra å leggje til rette for at flest mogeleg av dei skal stemme», seier leiar Jo Hedberg i Bønnelista til Vårt Land. Han fortel om tilbakemeldingar frå kyrkjevalvakter om at svært mange som røyster aldri er sett på gudstenester.

Det er kanskje ikkje så rart, all den tid færre enn 90 deltakarar møter på kvar gudsteneste i snitt – mindre enn tre prosent av dei som er medlemmar. På dei tre åra frå 2017 til 2019 fall det samla årlege talet på kyrkjebesøk med over 400.000.

Dei aktive kyrkjegjengarane er få og i eit lite mindretal. Er det dette mindretalet åleine som skal styre kyrkja, står ein i fare for å gjere den til ein liten klubb med stor avstand til folket den skal vere til for. Ein må då også kunne spørje om det er berre kyrkjebesøk som skal teljast med når statsstøtta skal betalast ut.

Sjølv ikkje for Bønnelista kan det vere målet å gjere kyrkjeporten smalare og kyrkjetrappa brattare.

Skal kyrkja halde på posisjonen som folkekyrkje må fleire engasjere seg i den, ikkje færre.