Frp vil kartlegge språkkunnskapane til tilsette i helsevesenet. Ei slik kartlegging er ein unødvendig byråkratisk omveg. Still heller krav til norskkunnskapane til dei som har direkte pasientkontakt med ein gong.

Skal ein lege gi forsvarleg helsehjelp, må pasient og lege kunne forstå kvarandre.

Dette er sjølvsagt like viktig om legen kjem frå eit EU-land eller ikkje.

I 2017 vart det innført nasjonale krav til norskkunnskapar for helsepersonell frå land utanfor EU og EØS-området. Krava er dei same som for opptak til høgare utdanning. I praksis betyr dei at ein må kunne kommunisere på norsk utan problem, og lett kunne oppklare mistydingar.

Slike nasjonale krav har vi ikkje for helsepersonell frå EU-land.

Det betyr ikkje at det er fritt fram. Helsepersonell som skal kommunisere med pasientar, må kunne godt norsk. Det skal den enkelte arbeidsgjevar sørge for, og kan stille krav med heimel i Helsepersonellova.

Likevel veit vi at dette er eit problem.

Særleg blant eldre pasientar blir dette opplevd som vanskeleg. Manglande språkkunnskapar kan få alvorlege konsekvensar. Helsetilsynet har tidlegare slått fast at framandspråklege legar er overrepresenterte i statistikken over klagesaker.

Slik er det ikkje fordi dei har dårlegare fagkunnskap enn norske helsearbeidarar. Generelt sett er utanlandsk helsepersonell i Norge fagleg dyktige. Språklege barrierer kan likevel hindre at legen forstår symptoma pasienten kjem med.

Mange norske kommunar er i dag avhengige av å rekruttere helsepersonell frå utlandet, både til faste stillingar og i vikariat. I mange distriktskommunar har dette vore kvardagen lenge. Fastlegekrisa gjer at dette er meir merkbart også i større bykommunar.

Kommunar som manglar legar og sjukepleiarar må sjølvsagt gjere det dei kan for å skaffe folk til desse jobbane. Dei kan likevel ikkje fire på kravet om norskkunnskap. Om dei gjer det, vil rekruttering av utanlandsk helsepersonell kunne gi befolkninga falsk tryggleik og eit dårlegare helsetilbod enn dei har krav på.

Nasjonale språkkrav vil kunne hindre at det skjer. Samstundes løfter det ansvaret bort frå kommunar, og overlet mindre til den enkelte kommunen sitt skjønn. Om EU-legar vil arbeide i Norge, bør dei ha bestått same språktest som legar frå andre land.

Det er ingen hinder i EU-retten for eit slikt krav.