Fredag la regjeringa fram stortingsmelding om barne- og ungdomskultur. Dokumentet er historisk, fordi det er aller første gong kunst og kultur for barn og unge er tema for eit nasjonalt styringsdokument. Det var på tide. Ambisjonen er å gi alle barn i Norge eit godt og likeverdig kulturtilbod, uavhengig av geografi, funksjonsnivå, familieinntekt eller etnisk bakgrunn. Meldinga kan skape større forståing for at satsing på tilbod for barn og unge kan bidra til å jamne ut sosiale skilnadar i Norge, og det er positivt.

Over tusen barn frå heile Norge har kome med innspel og idear, og sikra god medverknad frå dei meldinga handlar om. Dei unge har til dømes foreslått å fjerne ventetida og senke prisen for deltaking på kulturskulane, etablere støtteordningar for ungdom i distrikta slik at det blir enklare å ta del i større kulturarrangement, gjere det lettare for barn og unge med nedsett funksjonsevne å utøve kunst og kultur, og styrke alle bibliotek med relevant barne- og ungdomslitteratur og gratis utlånsordningar av utstyr.

Inntektsnivået til foreldre har i dag mykje å seie for barns deltaking i ulike fritidsaktivitetar. Dei sosiale skilnadane blir forsterka, dersom barn frå familiar med dårleg råd ikkje får høve til å delta på lik line med andre. På dette området gir meldinga viktige signal om at barne- og ungdomskultur må inkluderast i det kommunale planarbeidet. Frivillige organisasjonar har ei svært viktig rolle i dette arbeidet.

Å oppleve kunst og kultur har stor verdi i seg sjølv. Når barn får delta, og utvikle sine talent i samspel med andre, har det positiv innverknad på både den fysiske og mentale helsa. Det viser seg at dei aller beste kulturopplevingane som barna fortel om, er aktivitetar dei sjølve har vore med på å skape. Kunst og kultur kan også vere med på å førebyggje utanforskap og kriminalitet. Tilbod som korps, kor, fritidsklubbar og dataspelsamlingar er med på å styrke banda til lokalmiljøet, og gi barnet kjensla av å høyre til ein stad.

Det er sett av 45 millionar kroner til å oppfylle målsetningane i meldinga, og det er ein god start. Det viktigaste er likevel at meldinga legg føringar for framtidige budsjett, slik at dei gode intensjonane kan bli omsett til praktisk handling.