Norge si største sårbarheit er kor avhengige vi er av straumforsyninga, både til dagleg og for å trygge samfunnskritiske funksjonar.

Difor skulle ein tru at ansvarlege styresmakter gir topp prioritet til å sikre denne mot angrep og trugsmål.

Slik er det dessverre ikkje.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvaret for tilsyn og kontroll med IKT-tryggleiken i kraftforsyninga. Dei skal sjå til at store og små kraftleverandørar og nettselskap er sikra mot dataangrep som kan setje straumforsyninga ut av spel.

Til dette har direktoratet sett av fattige to årsverk.

Riksrevisjonen rettar no skarp kritikk mot NVE for å ha for dårleg styring og oppfølging av arbeidet med IKT-tryggleik. Både ressursar og naudsynte verktøy er mangelvare.

Krava som NVE har sett til kraftleverandørane er skjerpa, men det er ikkje sjekka godt nok korleis dette er følgt opp.

No betyr ikkje dette at hackarar har fritt leide inn i datasystema i bransjen. Ein både bør og kan ha tillit til at selskapa sjølve tar samfunnsansvar og prioriterer IKT-tryggleik høgt.

Behovet for overordna styring og kontroll er likevel stort.

I Norge har vi fleire hundre kraftverk og over 120 nettselskap. Desse er ulikt rusta på ressursar og kompetanse på IKT-tryggleik. Særleg dei minste aktørane kan vere sårbare.

Bransjen er blitt stadig meir avhengig av digitale verktøy, og den er kopla saman i større styringssystem. Det har gitt betre og meir stabil straumforsyning.

Baksida av medaljen er at systema også har vorte meir opne for angrep.

Angrep mot kraftforsyninga i eit land er eitt av dei mest kjende trussel-scenaria nasjonale tryggingsmakter står overfor. Måleretta cyber-aktivitet mot energibransjen går føre seg kontinuerleg.

Blant dei som står bak er statlege aktørar med store ressursar og høg kompetanse. I tillegg kan kriminelle og terroristar skaffe seg slik kompetanse, og trusselbiletet er under stadig utvikling.

Ingen kjede er sterkare enn det svakaste leddet.

For å sikre kritisk infrastruktur som straumforsyninga må vi difor sørgje for at alle ledd er like godt sikra. Difor er styresmaktene si rolle med tilsyn, kontroll og overvaking så viktig.

Det er flott at NVE no seier at tryggleiksnivået i kraftforsyninga er høgt, og at dei saman med bransjen held fram med å styrke den. Problemet er at den forsikringa inneheld ein god porsjon synsing.

Mangel på ressursar og verktøy er berre ein del av kritikken frå Riksrevisjonen.

Mangel på dokumentasjon på at alt er på stell er ein annan.