Olje- og energidepartementet seier endeleg nei til forlenga frist for å starte utbygging av vindkraftverket Havsul 1. I praksis betyr det at planane om kystnære vindkraftverk på Møre-kysten er så godt som gravlagde for godt.

Prosjektet er no flytta tilbake til start.

Det er svært vanskeleg å sjå for seg kven som vil ta på arbeidet og risikoen ein ny konsesjonssøknad fører med seg. Motstanden for vindkraft på land har heva terskelen også for kystnære vindkraftanlegg kraftig dei siste åra.

Vedtaket i Olje- og energidepartementet betyr altså i praksis punktum for ei lang og turbulent historie. Prosjektet var i si tid eitt av fleire utanfor kysten av Møre og Romsdal som selskapet Havgul AS hadde plukka ut for si vindkraftsatsing.

Stor lokal motstand medverka til at berre Havsul 1 utanfor tidlegare Sandøy kommune til slutt vart ståande att. Konsesjonen for dette vart stadfesta av dåverande olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) i 2009.

I fjor gav NVE for andre gong utsett frist for av kraftverket. Eigarselskapet Vestavind Offshore AS, som mellom andre Tafjord Kraft og BKK står bak, fekk då utsett frist til oppstart til 2025.

Det skjedde etter protestar frå fleire høyringsinstansar, mellom andre frå fiskerinæringa som frykta for viktige fiske- og gytefelt.

Det er dette vedtaket har no departementet omgjort.

Departementet legg mellom anna til grunn at konsesjonssøknaden er gammal og utdatert, at det ikkje er dokumentert at prosjektet vil vere lønsamt og at det uansett må gjerast så store endringar at ein ny konsesjonssøknad må til.

Var det vanskeleg å få gjennom konsesjonen første gong for 12 år sidan, blir det ikkje lettare no. Vindkraft er bokstaveleg talt i motvind politisk. Langt på veg er døra for nye vindkraftverk på land lukka.

Kystnære vindkraftverk som Havsul 1 må rekne med å hamne i same båt.

Konfliktnivået rundt så kystnære vindkraftanlegg vil vere tilnærma like stort som for landbaserte anlegg. Områda som er aktuelle har overlappande arealinteresser med både friluftsliv, reiseliv og fiskeri, og omsynet til miljø, dyreliv og fugleliv vil vege tungt.

Søknader om nye konsesjonar, slik dette blir, må derfor rekne med eit trongt nålauge og sterk folkeleg og politisk motstand. Risikoen for å få nei vil kunne vege tungt for investorar som vurderer å satse.

For motstandarar av vindkraft betyr dette nok ein siger.

For fornybarnasjonen Norge betyr det at vindkraftsatsinga må flyttast lengre til havs. Problemet er flytande offshore vindkraft byggjer på enno uprøvd teknologi og at lønsemda i ei slik satsing berre kan skimtast i det fjerne.