Eit viktig prinsipp i Grunnlova er at alle innbyggarar er sikra rett til innsyn i offentlege dokument. Ei open og gjennomsiktig offentleg forvaltning er avgjerande for informasjons- og ytringsfridomen, og for at alle skal kunne ta del i demokratiske prosessar. Openheit er også viktig for rettstryggleiken, for å avdekke forskjellsbehandling og kritikkverdig bruk av makt og kompetanse. Likevel er det få som reagerer på at offentleglova, som sikrar oss alle desse rettane, stadig blir broten utan at det får konsekvensar for lovbrytarane.

Media har eit særleg ansvar for å drive uavhengig kontroll av offentlege styresmakter gjennom undersøkande journalistikk. Derfor er det oftast presseorganisasjonar som avdekkjer brot på offentleglova og ulovleg hemmeleghald, både i kommunale eller statlege organ. Offentlegutvalet i Norsk Presseforbund har nyleg avdekka at Folkehelseinstituttet har nær 19.000 dokument som ikkje er journalført, og det betyr at det ikkje kan søkast innsyn i dokumenta. Dermed mistar ein moglegheita til å belyse forhold og vurderingar som kan vere av offentleg interesse.

Enkelte meiner det blir feil å mase om innsyn og journalføring når landet er i krise på grunn av pandemien. Men det er nettopp i krisetider at det er behov for å kontrollere alle organ som forvaltar mykje makt. Både lokale og nasjonale mediehus har spelt ei svært viktig rolle i koronaåret, ikkje minst ved å formidle kvalitetssikra informasjon. For å kunne bidra til open debatt om dei tiltak og strategiar som blir valt, er det nødvendig med tilgang til faktagrunnlaget som finst i offentlege dokument.

Då fleire statsforvaltarar i fjor gav uttrykk for at offentleglova burde settast til side under koronakrisa fordi innsynskrava tok så mykje tid, var kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) klar og tydeleg, ved å understreke at det ikkje var ei aktuell problemstilling: – Openheit er ein føresetnad for at innbyggarane kan ha tillit til at styresmaktene handterer krisa på ein god måte, svarte statsråden.

Problemet med offentleglova er ikkje at det er usemje om intensjonane, men at lova manglar sanksjonar. Det får ingen konsekvensar når tidsfristar ikkje blir haldne og dokument dermed ikkje blir tilgjengelege. Folk mister respekten for lover som kan brytast utan konsekvensar. Det er på tide at dette blir tatt på alvor, ved at det blir innført sanksjonar for brot på offentleglova. Tillit er Norges viktigaste kapital. Derfor er respekten for offentleglova noko som vedkjem alle.