Folkehelseinstituttet opnar no for at lærarar i skule og barnehage kan få rykke framover i vaksinekøen. Det er fornuftig. Stenging av skular har svært negative konsekvensar for barn og unge. Dei mister ikkje berre viktig undervisning, men også den sosiale kontakten med andre. Særleg for barn som lever under vanskelege forhold, kan skule og barnehage vere den einaste moglegheita til trygg vaksenkontakt. Å flytte lærarar framover i vaksinekøen, er derfor i tråd med strategien om å prioritere barn og unge.

Ifølgje dei nye signala skal lærarar og anna pedagogisk personell kunne prioriterast etter at eldre og helsepersonell er vaksinerte. FHI tek atterhald om at dette berre skal gjelde ved stor smittespreiing som gjer det vanskeleg å ha skular i normal drift.

Ny studie viser at grunnskulelærarar, barnehagepedagogar og assistentar i skular og barnehagar har ein noko høgare førekomst av covid-19 enn gjennomsnittet av den yrkesaktive befolkninga mellom 20 til 70 år i område med høg smitte. Når den samfunnsnyttige gevinsten av opne skular og barnehagar er så stor, er det logisk at ein også sørger for at pedagogisk personell kan halde seg friske. I dag er det mange lærarar som opplever arbeidsdagen ekstra belastande fordi dei dagleg utset seg for smitterisiko. Avstandsreglar gjeld ikkje når eit barn treng trøyst og omsorg.

Vaksinar er eit mangelgode, og utgangspunktet må vere at dei blir fordelte slik at dei bergar flest mogleg liv. Dei eldste først, i tillegg til dei som har sjukdommar som gjer det ekstra farleg å bli smitta. I fjor haust vart helsepersonell inkludert i gruppene som skulle prioriterast. Både fordi tilsette i helsevesenet er meir utsette for smitte, men også fordi vi er heilt avhengige av eit godt tenestetilbod. Inntil 20 prosent av dosane skal gå til utvald helsepersonell som legar og sjukepleiarar, og det er det semje om. I Oslo har 25 prosent av vaksinane gått til helsearbeidarar, og Dagens Næringsliv har avdekka at ein del av dosane har gått til saksbehandlarar og anna helsepersonell med svært lite pasientkontakt. Det er vanskeleg å forstå kvifor helseleiarar på kontor skal få vaksinar før lærarar og barnehagepersonell med nærkontakt til barn og unge.

Mange tilsette i skule og barnehage har gjort ein formidabel innsats under pandemien, og stadig lagt om planar og tilpassa seg krevjande forhold. På nytt er vi blitt minna om den viktige rolla dei har i samfunnet. Lærarar og assistentar har stått i frontlina under pandemien, og har rett til ein trygg arbeidsdag.