Det er altfor tidleg å skrive historia om pandemien, korleis vi var rusta til å møte den og korleis vi handterte den. Men nokre svar har vi allereie no.

Eitt av dei viktigaste er korleis vi svikta i å verne dei aller mest sårbare barna.

I alle kriseførebygging er målet å identifisere sårbare punkt, og finne måtar å verne desse på. Korleis ein vernar barn og unge er likevel oftast fråverande i statlege beredskapsplanar.

Koronakommisjonen legg fram sin rapport i dag. Kommisjonen vart sett ned for å evaluere styresmaktene si handtering av koronapandemien. Kommisjonen skal også foreslå korleis vi skal styrke beredskapen og krisehandteringa.

Ein av rapportane kommisjonen har henta inn, syner ein sterk auke av meldingar til barnevernet mot slutten av 2020.

Blant dei mest urovekkjande konklusjonane i rapporten «Konsekvenser av covid-19for tjenestetilbudet blant sårbare barn og unge» er korleis dei mest sårbare barna fekk det verre under pandemien.

Nedstenging av skular og fritidstilbod gjorde barn som allereie hadde vanskar heime, endå meir utsette for utryggleik, vald eller misbruk. Dette kjem i tillegg med den ekstrabelastninga akkurat desse barna har med sosial isolasjon.

Samstundes reagerte samfunnet med å gjere hjelpa endå vanskelegare tilgjengeleg. Barnevernet og helsestasjonane hadde sterkt redusert tilbod i første fase av pandemien.

Det har ikkje mangla på åtvaringar. Barneombodet, tilsette i skular og barnevern og Bufetat har alle frykta at nettopp dei mest sårbare skulle måtte bere den tyngste børa under pandemien.

Likevel har det altså skjedd.

Dette er langt frå er eit særnorsk fenomen. Forskingsrapportar frå ei rekkje land syner at færre barn og unge vart registrerte av hjelpeapparatet den første tida under pandemien, ei tid då det var all grunn til å tru at dei fekk det verre.

I beredskapsplanar og meldingar om beredskap er det gjerne lagt stor vekt på behovet å trygge forsyningar og ha beredskapslager av viktig utstyr og varer. Utover dette blir det peika på korleis vi skal sikre miljø, sjukehus, kraftforsyning, ITK, tele, bank og finans og sentrale samfunnsinstitusjonar.

I alle slike vurderingar er det også understreka at vi må gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalysar med jamne mellomrom.

Koronapandemien syner oss at slike sårbarheitsanalysar manglar for dei aller mest sårbare.

Det kan vi ikkje tillate å skje ein gong til.